Frist for forslag om kandidatar til Fosseprisen for omsetjar av norsk litteratur
I samband med at Jon Fosse vart tildelt Nobel-prisen i litteratur for 2023 la regjeringa til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – eit årleg Fosseforedrag med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det også blir utdelt ein Fossepris for omsetjarar på 500.000 kroner. Regjeringa vil på denne måten medverke til å markere kor viktig forfattarskapen til Fosse er i Noreg og internasjonalt.
Prisen blir gitt for ei samla omsetjargjerning. Mottakaren av prisen blir vald ut av Nasjonalbiblioteket, Jon Fosse og NORLA i fellesskap.
NORLA nominerer kandidatar og ber no om forslag til aktuelle kandidatar til nominasjonsprosessen. Vi ønskjer forslag med kort grunngjeving (maks 1 side), seinest 28. oktober 2024, kl. 12:00 (CET).