14.12.2015

Julehelsing frå Margit Walsø, direktør i NORLA

2015 har vore eit fantastisk år for norsk litteratur i utlandet og eit spennande år for NORLA. Vi har arbeidd intenst med å legge grunnen til at Norge kan søke om å bli hovudland ved Bokmessa i Frankfurt i 2019. Vi gler oss over at initiativet er blitt møtt med overveldande oppslutning frå Stortinget. Når bokbransjens breie engasjement no er møtt av heilhjarta støtte frå regjering og Storting, har vi eit fantastisk utgangspunkt for ein norsk søknad om gjestelandsstatus. Stortingsvedtaket om å støtte ein søknad med 30 mill. NOK skaper ein eineståande sjanse til å satse stort på norsk litteratur- og kultureksport, og vi takkar alle som har bidratt til at vi har komme så langt.

20150318 norla 182 bw
Foto: Eivind Røhne

I år deltok NORLA for første gong på barnebokmessa i Shanghai i Kina, saman med fleire av våre nordiske kollegaer i nettverket NordLit. Bokmessa blei ein suksess med enorm interesse for norske barnebøker og stor merksemd rundt lanseringa av Håkon Øvreås og Øyvind Torseters prisvinnende bok Brune på kinesisk. Det var fantastisk å på nært hald oppleve interessa for Anna Fiskes Hallo!-serie. Heile fem bøker av Anna Fiske blei selt rett etter messa, i tillegg til ei rekke andre rettigheitssal.

Lanseringane av Åsne Seierstads En av oss, Karl Ove Knausgårds Min kamp, fjerde bok og Per Pettersons Jeg nekter i USA våren 2015 gav flotte resultat, for eksempel blei En av oss nylig kåra til ei av dei ti beste bøkene i 2015 av The New York Times.

Åtte omsetjarar fikk plass på NORLAs oversetterhotell i 2015, og tilbakemeldingane frå alle er svært positive. Det er nyttig for dei å vere i Norge, høre norsk språk, møte forlag og forfattarar og ha arbeidsplass hos NORLA i to veker. Vi er glade for å gi tilbod til åtte nye omsetjarar i 2016.

Vi takkar alle gode samarbeidspartar for godt og inspirerande samarbeid i 2015, og ser fram til eit nytt, begivenheitsrikt år for norsk litteratur.