22.12.2016

Julehelsing frå Margit Walsø, direktør i NORLA

2016 har vore eit svært godt år for norsk litteratur i utlandet.

Margit walsø foto eivind røhne
Foto: Eivind Røhne

Aldri før har NORLA mottatt så mange søknader om oversettelsesstøtte frå utanlandske forlag som vil gi ut norske forfattarar, og det er gledeleg.
Vårens største nyheit var at Norge fikk status som hovudland ved Bokmessa i Frankfurt 2019, og i mai blei avtalen mellom NORLA og Bokmessa signert. Dei viktige førebuingane til 2019 er alt godt i gang, med forlagsbesøk til tyske forlag og utviklingsprogram for nye stemmer. Ein god dialog med kulturaktørar i Norge og Tyskland er etablert med mål om å skape eit eineståande kulturprogram for satsinga.
Vi legg no spennande planar for 2017, med aktivitetar for omsetjarar og forleggarar for å auke gjennomslaget for norsk litteratur i den tyske bokmarknaden, men også andre viktige språkområde for norsk litteratur.

Vi gler oss og takkar alle gode samarbeidspartar for godt og inspirerande samarbeid i 2016, og ser fram til eit nytt, begivenheitsrikt år for norsk litteratur i 2017.