05.10.2023

NORLA gratulerer Jon Fosse med Nobelprisen i litteratur

Det er ei stor glede å kunne gratulere Jon Fosse med Nobelprisen i litteratur 2023.

Jon fosse 1m8a5119
Jon Fosse, foto: Agnete Brun

Sidan debuten med Raudt, svart i 1983 har han markert seg som ein kresen stilist i omlag alle sjangrar. I løpet av 40 år har han skrive meir enn 50 verk, han er omsett til meir enn 50 språk, og dramatikken er blitt oppført i alle europeiske land. Den musikalske og poetiske rytmen i språket særkjenner all hans skriving, frå barnebøker til romanar, lyrikk, dramatikk, essays og prosa. Språket er sanseleg, og spenner samtidig svært vidt.
Fosses skrivekunst blir omtalt som storslått, dramatisk og medrivande – orda blir nærmast vogga, suggererande, inn i lesaren. Fosses tekstar tematiserer menneskas grunnleggande eksistensvilkår og når ut til lesarar og publikum i alle verdshjørne. Med Septologien har han lykkast i å etablere eit hovedverk ikkje bare i sin eigen forfattarskap, men også i verdslitteraturen.

Vi er overmåte glad for at Fosse blir tildelt nobelprisen i litteratur. Dette er ein gledens dag for litteraturen, nynorsk språk og for heile Norge!

Les mer

Vi har samlet ulike kilder om Jon Fosses forfatterskap her