18.03.2024

Arnfinn Kolerud - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Arnfinn Kolerud. Han har skrive Ivar får ansvar, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2024.

Thumbnail img 20240307 160304
Arfinn Kolerud. Foto: Dagny-Ann Gangeskar

Kva handlar boka om?

Boka handlar om Ivar (12) som får sin første sommarjobb. Han tar på seg små oppdrag i bygda og tener nokre kroner. Men så bestemmer foreldra at lommepengane snur! No er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far. Slik skal Ivar lære seg å ta ansvar, trur dei. Slik skal han få ein forsmak på livet som vaksen.
Samtidig får bestevenninna Maja jobb på ein kafe. Dit kjem det også ein ukjent gut med bølger i håret og ei padleåre i handa. Han kan mange ord som Ivar ikkje kan. Snart vil Maja vere meir i lag med denne guten enn med Ivar.
Det blir ein hektisk sommar for Ivar når han må tene pengar til foreldra og kjempe for å vinne Maja tilbake.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Eg trur det må vere min eigen trygge og beskytta oppvekst. Eg var 25 da eg fekk min første jobb. Og eg har alltid unngått praktisk arbeid. Eg kan ikkje snekre og fiske, knyte solide knutar eller felle tre med motorsag. Eg angrar litt på det no. Eg burde ikkje blitt ein slik uhandyman. Derfor ville eg i det minste skrive om det motsette, om ein ung gut som må tidleg ut og jobbe med slikt som ein ikkje lærer på skulen.

Dessutan – eg kan litt om kjenslene til ein gut når han opplever at ei jente er i ferd med å vekse frå han.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her