17.03.2025

Guri Idsø Viken - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Guri Idsø Viken. Ho har skrive Krakk, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2025.

Guro Idsø Viken. Foto: Agnete Brun

Kva handlar boka di om?

Krakk er basert på verkelege hendingar rundt den største svindelen i Noregshistoria, som kuriøst nok også danna grunnlaget for danninga av Arbeiderpartiet.
I 1885 er Arendal Norges desidert rikaste by på grunn av sjøfart og tømmer. Banksjef, skipsreiar og industribaron Axel Herlofson eig verksemdene folk arbeider på og husa folk bor i og kontrollerer pengane deira i banken sin. Han er populær blant høg og låg og tar godt vare på arbeidarane sine. Trur dei. Det dei ikkje veit, er at han han brukt banken som si eiga lommebok og at han samtidig har ein sjølvdestruktiv hang til unge menn og opium. Den einaste som kjenner løyndomane hans, er den franske eigaren av ein kjolesalong i byen og den unge revisoren Thomas Berntzen. Når dei begge kjem litt for tett på, byrjar nettet å rakne, og ein heil by står for fall.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Eg har lese ein del om krakket i Arendal og syns det er vanvitig at det er så lite kjend i Noreg. Det forsvann verdiar for fleire milliardar i notidsverdi frå Sørlandet, og historikarar har samanlikna skadeverknadane med nedbrenninga av Finmark og Svartedauden. Samstundes syns eg det var perfekt romanstoff fordi det er ligg midt i møtet mellom den gamle og den nye tida, mellom klassesammfunn og arbeidarsamfunn.
Eg vart også djupt fascinert av Axel Herlofson som person. Alt låg til rette for han, likevel gjekk det så gale, så noko måtte det vere han mangla. Då eg fann ut at han sannsynlegvis var skeiv, var det bingo. Forfattarbingo!

Kven er denne boka for?

Eg tenker boka har ei brei målgruppe – alt frå historieinteresserte til dei som likar å drøyme seg vekk til ei anna tid gjennom litteraturen til dei som likar ei dramatisk kjærleikshistorie. Eg har fått veldig mange takksame meldingar i innboksen min frå (næringslivs)menn, så det er tydeleg at boka appellerer til dei – det set eg veldig pris på. Samstundes er det mange kvinner som liker skildringane mine av byrjande kvinnekamp og arbeidaropprør.

Kva skiljer boka di frå andre bøker i samme sjanger/tematikk?

Arendal i seglskutetida er eit unikt miljø i seg sjølv – så ulikt andre stader i Noreg og så tett knytt til både Europa og resten av verda. Eg har gjort grundig research, og veldig mange detaljar om mat, klede, kultur og veremåte stemmer svært godt. Eg har også gått tett på karakterane, både kroppsleg, seksuelt og kjenslemessig. Her er overklassefruer som onanerer, kvinner som blør og mektige menn som underkastar seg mannlege elskarar. Det burde vere ein kombinasjon som passar eit internasjonalt publikum.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfatteran her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her