17.03.2025

Sigri Sandberg - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Sigri Sandberg. Ho har skrive Det året eg våkna. Kva skjer med naturen – og oss?, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2025.

Sigri Sandberg. Foto: privat

Kva handlar boka di om?

Ho handlar om at eg har vore altfor feig. Eg har skrive om natur og friluftsliv nesten heile mitt vaksne liv, men fortrengt dei store krisene: At vi er i ferd med å øydelegge grunnlaget for vår eigen eksistens. Eg har hatt det i sidesynet: at skogane brenn, hava stig, dei sterke stormane, min eigen klimaangst. Eg har vore redd for at frykta skulle lamme meg, så eg har fortrengt alt i hop. Ikkje orka gå inn i det alvorlege. Vore feig og travel og konfliktsky.
Så dette er ei forteljing om å ta inn over seg det som skjer i verda – og si eiga frykt.

Eg skriv meg gjennom eit år, frå der eg er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. I tillegg til ei personleg forteljing får lesaren også geologiske, biologiske, filosofiske og psykologiske perspektiv på det som skjer. For kvifor blir natur og klima fortrengt frå nyhendebiletet når krig, når pandemi, når andre akutte kriser trugar? Og er det mogleg å ta inn over seg det som skjer, utan sjølv å gå til grunne?
Det prøver denne boka å svare på.

Kven er denne boka for?

Ho er for alle som har kjent på noko av det same. For alle som er redde for det som skjer med kloden, heimen vår, men ikkje orkar å ta det inn. Dei som kjenner seg redde, feige, travle, triste, tomme. For alle som har tenkt at det ikkje nyttar kva akkurat eg, eit lite menneske, gjer.

Denne boka er også for dei som kjenner på sterk kjærleik til natur. Til alle som er glad i fjell og vidde og hav og skog, og kan kjenne på ei tilknyting når dei er ute.
For dei som vil vite korleis det er å leve med isbjørn utanfor døra, eller korleis ein snøkrystall blir til. For dei som vil bli med å plante poteter, med ein tur på havet i ein kajakk, eller på saueleit i fjella.
Ho er for dei som treng trøyst, fakta, eller nye refleksjonar om klima, natur og håp – frå ulike fagfolk sitt perspektiv.

Boka er også for dei som berre vil ha ei forteljing om korleis det er å vere menneske her og no. Ei forteljing om eit menneske som nesten går under, men så prøver å løfte blikket, opne det.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her