18.03.2024

Tone E. Solheim - Fokustittelforfatter

Vi har gleda av å presentere forfattaren Tone E. Solheim. Ho har skrive Eg er V-vida, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2024.

Tone e solheim2 foto heidi furre
Tone E. Solheim. Foto: Heidi Furre

Kva handler boka di om?

Tretten år gamle Vida har hatt ein kjip sommar. Bestevenninna hennar, Siri, har nettopp flytta sin veg, og no må Vida byrje i niande klasse utan henne. Vida stammar, m-m-masse, og har absolutt null tru på seg sjølv, og det hjelper ikkje at Aurora, ei av dei mest populære jentene i klassen, likar å hakke på ho for gøy. Mamma forstår heller ingenting, og Vida kjenner seg ikkje sett av nokon. Men så byrjar Viktor i klassen hennar. Viktor er òg annleis (han har CP), og gjennom venskapen med han, får Vida oppleve at det er mogleg å vere både annleis og innafor på same tid.
Eg er V-vida er ei bok om venskap og utanforskap, og om det å finne si eiga stemme. Saman med Vida og Viktor får lesaren erfare kor viktig det er å skape rom for alle, og kor lite som faktisk skal til før ein kjenner seg inkludert, noko eg trur vi alle har godt av å bli minna på ein gong i blant.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Eg såg ein gut på ein T-banestasjon i Oslo for ein del år tilbake. Han sat på ein benk saman med kompisane sine, og i fanget hadde han eit rullebrett. Eg såg at han hadde CP, men det eg la merke til aller først, var kor fantastisk fint smil han hadde, og kor fin kompisgjengen hans verka. Det var då det slo meg – ein slik person har eg lyst til å skrive om! Og då Viktor først hadde teke form i manuset mitt, var ikkje Vida langt unna. Det er ikkje ofte personar med funksjonsnedsettingar får ta plass i litteraturen, og denne boka er mitt forsøk på å gjere noko med det. Eg meiner at representasjon i bøker (spesielt ungdomsbøker) er svært viktig. Vi fortener alle karakterar vi kan identifisere oss med og kjenne oss att i.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her