17.12.2019

Julehelsing frå NORLA

Eit stort år for norsk litteratureksport ligg no bak oss. Norge har vore gjesteland på verdas viktigaste bokmesse, og denne store satsinga som NORLA har arbeidd for i meir enn seks år, blei vellykka; aldri før har eit gjesteland fått så stor medieoppmerksomheit i dei tyskspråklege landa og talet på omsetjingar er rekordhøgt. Det litterære programmet på bokmessa engasjerte publikum og kulturprogrammet ble også lagt merke til i heile Tyskland.
De finn meir om desse tala her.

NORLA hadde ansvaret for å gjennomføre prosjektet, men utan alle partnarar og medarbeidarar ville det aldri ha blitt realisert. Først og fremst vil vi takke forfattarane som stilte opp til alle programma, men også omsetjarane, agentane, forleggarane, organisasjonane i Norwegian Arts Abroad, alle partnarar og sponsorar. Takka vere dei blei draumen til verkelegheit.

Julehilsen paviljong 8
Foto: Luis Callejas, LCLA office

Snart er det eit nytt år, og NORLAs vil arbeide for at Frankfurt 2019 blir følgd opp av ein sterk, målretta innsats for norsk litteratur i utlandet. Vi vil ta med oss det som fungert så godt i gjestelandsåret; programmeringa med forfattarane, samarbeidet med omsetjarane og gode partnarar i Norge, kontakten med internasjonal kulturpresse og ikke minst samarbeidet med bokhandelen. Det er eit vakkert symbol at fantasimøblane frå gjestelandspaviljongen lever vidare som bokbordskulpturar i 20 bokhandlar over heile Tyskland.

God lesejul!

Helsing Margit