15.10.2024

Ane Barmen og Skinkeape - Fokustittelforfattarar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Ane Barmen. Ho har skrive Tone!, som er ein av NORLAs fokustitlar hausten 2024. Boka er illustrert av Skinkeape.

Ane Barmen. Foto: Maria Olivia Rivedal

Kva handlar boka om?

Tone! handlar om å vere fem år og ville vere med. Hovudpersonen Tone vil berre vere saman med storebror Daniel, men han er oppteken med korpset og venninna Ingeborg, og har ikkje like mykje tid til veslesyster som før.
Tone prøvar på ulike måtar å vinne Daniel tilbake, men det blir berre krøll, og ganske mykje kjeft. Kanskje må ho prøve noko heilt nytt – på eiga hand, utan Daniel?
Dette er ei bok om musikkglede, og om å finne sin eigen plass i verda.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Eg elskar korps! Eg er gammal korpskvinne, og ville gjerne skrive ei forteljing frå eit sånt miljø for barn. Eg ville seie noko om at det er plass til alle, med dei føresetnadane ein har. Ein må berre finne sin eigen veg inn.
Men mest av alt ville eg berre skrive ei morosam bok med humor, musikk og ein freidig, handlekraftig hovudperson. Eg tykkjer Skinkeape har skapt eit nydeleg visuelt univers, og håpar mange barn har lyst til å bli kjend med Tone og dei andre i forteljinga vår.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Meir om illustratøren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her