07.12.2014

En reise til India - og et intervju med Kari Stai

Vi er glade over å kunne dele et intervju med barnebokforfatter og -illustratør Kari Stai, som nylig besøkte India for å delta på barnebokfestivalen Bookaroo i New Delhi og presentere bøkene sine om Jakob og Neikob. Reisen var støttet av Utenriksdepartementets Land i Sør-midler.

Du er nettopp kommet hjem fra India hvor du lanserte de to første billedbøkene dine om Jakob og Neikob på hele tre språk: engelsk, hindi og bengali. Gratulerer med fine utgivelser!
I India møtte du blant annet barn fra en skole for underprivileged children i New Delhi (både muslimske og hindu-barn) og også barn som deltok på arrangementer under barnebokmessen Bookaroo. Hvordan tok indiske barn i mot Jakob og Neikob?

Eg opplevde barna generelt som svært interesserte og svoltne på å bli lest for. Dei var også veldig ivrige på å snakke om motsetningar etterpå, om ja og nei, og var nøye på å rekke opp handa før dei svarte. Tydeleg disiplinerte og audmjuke. Dei uttrykte stor takksemd, og ønska å bli sett gjennom det dei teikna. Ønsket om respons var stor. Barna frå middelklassen som var på festivalen verka meir frampå og offensive i dette møtet, mens barna frå den fattigare stilte skolen verka meir tilbakehalden på eit vis, som om dei ikkje var like vante med å få så mykje eller ha så mange ord med i laget. Dei var spesielt hjartelege og takksame etterpå. Bodskapen i bøkene verka det som alle tok, og det var ein god del latter og anna respons. Truleg er evna til å seie ja og nei universell, og eit område det knyttes dei same velkjente utfordringane til.

Var responsen annerledes enn norske barns møter med hovedpersonene dine?

Eg opplevde at responsen var nokså likt som hos norske barn, og at språkleg humor og leik er universelt. Ein skoleklasse, enten den er frå India eller Norge, verkar som den har ei samansetning som er lik: nokre introverte og andre meir utadvente og taletrengte. Men indiske barn verka nok mindre privilegerte med å få slike kulturopplevingar inn på timeplanen enn norske barn. Eg trur neppe dei hadde Den kulturelle skolesekken der.

Du gjorde deg antagelig også noen tanker om forskjellene mellom India og Norge, og kanskje spesielt om oppvekstvilkårene for indiske barn og norske barn?

Ja, det var mange inntrykk som festa seg på forskjellige område. Til dømes var skolane veldig ulike i forhold til kvaliteten på undervisning og lærarar om ein budde i fattige eller litt rikare område. Dette var veldig tydeleg der, mens i Noreg skal den offentlege skolen ha god standard uansett kor dei ligg. Ein annan ting var trafikken. Den var veldig hektisk, kaotisk og kjøretøya hadde lite med sikringsbelte. Barna vart halde fast på mopeden av mor eller fars arm, og utan nokon hjelm. New Delhi var også ein svært forureina by, og eg vil tru at mange der hadde luftvegsproblem. I det heile: Systemet rundt norske barn er nok mange hakk tryggare, meir likeverdig og godt. Men mest av alt gjer eg meg tankar i etterkant av turen, om mange barns kvardag i India. Dette etter å ha sett meg inn i arbeidet til fredsprisvinnar Kailash Satyarthi. For sjølv om eg traff ein god del barn, var det truleg like mange indiske barn som måtte arbeide.

Hvilke opplevelser i India gjorde sterkest inntrykk på deg?

Det gjorde eit sterkt inntrykk å sjå små barn som gjekk rundt omkring langs gatene som ikkje såg ut til å ha noko trygt og stimulerande apparat rundt seg. Ustelte, utan sko, utan foreldre som passa på, eg såg ein god del barn som verka etterlate mykje til seg sjølv. Berre få dagar etter eg kom heim frå India følgde eg med på Nobels fredspris, og vart svært rørt over arbeidet til indiske Kailash Satyarthi, og pakistanske Malala Yousafzai. Dokumentaren som gjekk på NRK2 produsert av franske Hubert Dubois, INA, gir eit sterkt bilete av barnearbeid og Kailash Satyarthi sitt fantastiske arbeid med å bekjempe dette. Denne gjekk nok ekstra sterkt inn på meg ettersom eg nettopp hadde vore der. Eg anbefaler alle å sjå denne.
Det gjorde også sterkt inntrykk på meg å møte dei mange frivillige som engasjerte seg for mange barna frå slummen. To av desse kvinnene hadde doktorgrad. Det rørte meg å sjå den kollektive hjelpsemda som regjerte i eit samfunn som hadde så mange utfordringar.

I år er det heldigvis kommet en tredje bok om Jakob og Neikob: Det tomme rommet.
Kan du love at det kommer enda flere bøker om Jakob og Neikob?

He he, eg håpar det eg og. På ei side vil eg berre trø i gang neste bok om dei med det same, mens ei anna side av meg driv og lærer at ting skal ta den tida det treng. Eg har tankar om nye manus, men det er ikkje så konkret at eg kan love noko enno. Men eg prøver å lære meg å ha tillit til at det blir viss det blir. Berre ideen og bodskapen er god nok.

Les mer om Kari Stais besøk i India her.

Besøk Kari Stais hjemmesider her.

Bla i den nyeste boken om Jakob og Neikob her.

Bøkene om Jakob og Neikob er så langt solgt for oversettelse til seks språk. Les mer her.

Les mer om forlaget Sampark som utgir bøkene i India her.

Mer om Bookaroo Children’s Literature Festival her.

Les mer om NORLAs midler til land i sør-prosjekter her.

Alle foto: © Kari Stai.