Fosseforedraget og Fosseprisen 2026
Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson er invitert til å halde Fosseforedraget, og den nederlandske omsetjaren Paula Stevens er vinnar av Fosseprisen for omsetjarar i 2026.
Etter invitasjon frå Kongehuset vil Fosseforedraget og utdelinga av Fosseprisen finne stad på Slottet, torsdag 23. april 2026.

- Vi ser fram til å heidre dei begge under Fosseforedraget og Fosseprisen i Oslo i april, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
- Marilynne Robinson er ein eigenarta forfattar og tenkjar som skriv med ei sterk tru på mennesket og den krafta som bur i oss. Prisvinnar Paula Stevens har gjennom sitt livsverk med omsetjing og formidling spela ei avgjerande rolle i å bringe norsk litteratur ut til nye lesarar, held Jaffery fram.
– Paula Stevens står i ei særstilling som omsetjar og formidlar av norsk litteratur til eit utanlandsk publikum. Dette, saman med innsatsen for rekruttering til omsetjaryrket, gjer henne til eit naturleg val som mottakar av Fosseprisen, seier direktør i NORLA, Margit Walsø.
Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar vart oppretta av Regjeringa som ei heidring av nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Det årvisse arrangementet finn stad for andre gong og er i regi av Nasjonalbiblioteket.
Foredrag og prisutdeling på Slottet
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar for utmerkingane. Etter invitasjon frå Kongehuset vil Fosseforedraget og utdelinga av Fosseprisen finne stad på Slottet, torsdag 23. april 2026.
– Vi er svært takksame for at Slottet nok ein gong opnar dørene for den litterære samtalen gjennom Fosseforedraget og Fosseprisen, seier direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven.
I år, som i fjor, vil fleire titals «eldsjeler» frå heile landet bli inviterte til arrangementet på Slottet. Denne gongen saman med ei rekkje litteraturentusiastar frå andre land.
Publikum vil også kunne følgje foredraget og prisutdelinga på strøyming eller i eit parallelt arrangement på Nasjonalbiblioteket.
Publikumsprogram på Nasjonalbiblioteket
Dagane før og etter foredraget og utdelinga på Slottet blir det ei eiga arrangementsrekkje på Nasjonalbiblioteket der du kan bli nærare kjent med Marilynne Robinson og Paula Stevens.
Dette er første gong Marilynne Robinson står på ei norsk scene. Paula Stevens har mange opphald i Noreg bak seg, men som omsetjar har ho opphaldt seg meir bak scena enn på ho. No får publikum eit eineståande høve til å bli kjent med dei begge, seier Martine Jonsrud, ansvarleg for Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar.
Paula Stevens (f. 1955) er ein framståande nederlandsk omsetjar og ein sentral formidlar av norsk litteratur til eit nederlandskspråkleg publikum. Sidan 1982 har ho omsett nær 90 bøker frå norsk, mellom anna verk av Karl Ove Knausgård, Lars Mytting, Roy Jacobsen og Åsne Seierstad. Gjennom fire tiår har Stevens hatt avgjerande betydning for utbreiinga og forståinga av norsk litteratur i Nederland, og ho har òg spela ei nøkkelrolle i rekruttering og opplæring av nye omsetjarar. Ho er tildelt ei rekkje prestisjetunge prisar.
NORLA er det faglege rådet for utdelinga av omsetjarprisen, som er den største omsetjarprisen i verda i sitt slag. Prisvinnaren er peika ut av Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse i samråd med NORLA.
Marilynne Robinson (f. 1943) er ein amerikansk forfattar og essayist, særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Ho har doktorgrad i engelsk litteratur og har undervist i kreativ skriving ved Iowa Writers’ Workshop. Robinson er omsett til 36 språk og blir rekna som ein av dei fremste litterære tenkjarane i vår tid, med essays og romanar som krinsar rundt tru, nåde, fellesskap og menneskeverd. Ho er mottakar av ei rekkje store litterære prisar, mellom anna Pulitzer-prisen, og blir jamleg nemnd i samband med nobelprisen i litteratur.
Det er Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse som har peika ut foredragshaldaren etter innspel frå Fosserådet og ei rekke nasjonale og internasjonale aktørar.
Les meir
Meir om Paula Stevens og Marilynne Robinson her
Sjå meir om omsetjingane til Paula Stevens her


