02.10.2024

Fosseprisen til omsetjar av norsk litteratur – NORLA ber om forslag

I samband med at Jon Fosse vart tildelt Nobel-prisen i litteratur for 2023 la regjeringa til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – eit årleg Fosseforedrag med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det også blir utdelt ein Fossepris for omsetjarar på 500.000 kroner. Regjeringa vil på denne måten medverke til å markere kor viktig forfattarskapen til Fosse er i Noreg og internasjonalt.

Nasjonalbiblioteket forvaltar Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar på vegner av regjeringa. Nasjonalbiblioteket deler i samarbeid med NORLA årleg ut Fosseprisen til ein framifrå omsetjar av norsk litteratur og/eller dramatikk (ikkje nødvendigvis i bokform).

Prisen blir gitt for ei samla omsetjargjerning. Mottakaren av prisen blir vald ut av Nasjonalbiblioteket, Jon Fosse og NORLA i fellesskap.
NORLA nominerer kandidatar og ber no om forslag til aktuelle kandidatar til nominasjonsprosessen. Vi ønskjer forslag etter kriteria under, med kort grunngjeving (maks 1 side), innan 28. oktober 2024, kl. 12:00 (CET).

• Prisen skal gå til ein omsetjar som har gjort eit særleg viktig arbeid med å omsetje norsk litteratur og/eller dramatikk til eit anna språk (direkte frå norsk), der heile omsetjargjerninga blir vektlagt
• Litteratur- og kulturformidling ut over omsetjing kan ha betydning

Forslagstillarar kan til dømes vere:

• Utanlandske forlag som gir ut norsk litteratur
• Utanlandske omsetjarforeiningar
• Utanlandske universitet der det blir undervist i norsk
• Utanlandske teaterscener og regissørar
• Noregs utanriksstasjonar

Omsetjarar kan ikkje foreslå seg sjølve.

Offentleggjering av foredragshaldar og prisvinnar og tid for foredrag og prisutdeling kjem seinare.

Forslag med kort grunngjeving (maks 1 side) sendes til NORLA
seinest 28. oktober 2024, kl. 12:00 (CET).

Les meir

Meir om Fosseprisen og Fosseforedraget her

Om Jon Fosse