15.10.2024

Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen - Fokustittelforfattarar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Hilde Myklebust. Ho har skrive Grisungen med den rette halen, som er ein av NORLAs fokustitlar hausten 2024. Boka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.

Hilde Myklebust og sauen Snøklokke. Foto: Martin Baldysz

Kva handlar boka om?

Ein dag oppdagar Grisungen noko som gjer han heilt forskrekka: han har ikkje krøll på halen! Alle dei andre grisane har spreke halekrøllar, alle unntatt Grisungen. Han kjenner seg brått veldig annleis. For Grisar skal jo ha krøll på halen, ikkje sant? Han prøvar ut litt av kvart av metodar, før han bryt seg ut av bingen for å finne nokon som kan gje han eit godt råd. Men hos dei andre dyra på garden er det skuffande lite hjelp å få. Så møter han Jentungen. Kloke, tøffe Jentungen har sjølv noko litt annleis ved seg. Kanskje ho har løysinga også?

Grisungen med den rette halen har mange klassiske trekk, men med ein rørande slutt som skil seg ut. Saman med Bård sine engasjerande og sjarmerande illustrasjonar, lar vi Grisungen finne sin eigen veg.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka? Og kven er denne boka for?

Denne boka har eg hatt i tankane i årevis. Som småbrukar og poet synest eg det har vore svært kjekt å skape tydelege dyreportrett og freiste å fange personlegdomane til karakterane med få ord og setningar.

Men det var då dotter mi fekk Diabetes type 1, at eg oppdaga kva forteljinga verkeleg skulle syne fram og handle om. Eg ville skrive ei søt og morosam forteljing med eit djupt alvor i botnen: om det å måtte godta seg sjølv som ein er, og oppdage at ein er god nok akkurat slik.

Jentungen vart med i boka, og slik fekk Grisungen ein klok ven med sensor på armen.

Grisungen med den rette halen er ein hyllest til dei mange små heltane der ute, som må leve med – og godta – å kjenne seg litt annleis. Mangel på halekrøll eller kva det enn måtte vere: Vi treng ikkje alle vere like, vel?

Bård Sletvold Torkildsen. Foto: Privat

Illustratør Bård Sletvold Torkildsen svarer

Hva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Det kan jeg ikke svare på, men det som inspirerte meg til å illustrere Grisungen var at det hele foregikk på en gård. Jeg både bor og er oppvokst på gård, så å fylle en bok med illustrasjoner av landlige omgivelser var en veldig fornøyelig prosess jeg koste meg masse med! I tillegg likte jeg veldig godt budskapet. Tematikken er noe jeg tror alle kan kjenne seg igjen i, voksen like mye som barn. Vi har nok alle en liten grisunge i oss.

Hvem er denne boka for?

Denne boka er for alle, men aller mest for de som føler de har noe som gjør de litt annerledes enn andre.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Mer om illustratøren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her