02.10.2023
Ukens dikt, uke 40: Knut Ødegård: "Jordsong"
Nyt et dikt fra Norge hver uke, gjennom et helt år.

JORDSONG
Jorda syng sin tungsindige song.
Når syra blomstrar, klipper vi
dei kvite og dei svarte sauene. Slepper dei
ut att i grøne fjell.
Går mot tunge tider, mullar jorda og dreier seg
langsamt om seg sjølv.
Når frosten kjem knirkande, går vi ut i dei tåkeblåe fjell,
sankar draumane heim. Går mot tunge tider!
Men nokon er blitt att. Har vildra seg
inn i mørke gjel og skard, møter mørker og frost.
Ser månen kvesse sigden over jorda.
Fra: Vind gjennom Romsdal, Noregs boklag, Oslo, 1978, s. 16.
Se diktet i engelsk oversettelse
Ukens dikt
Les mer om serien og se alle diktene her