06.03.2023

Anders Totland - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Anders Totland. Han har skrive romanen Til jord skal du bli, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2023.

Her kan du lese intervjuet vårt med Anders.

Totland anders atle helland
Anders Totland. Foto: Atle Helland

Kva handlar boka di om?

Til jord skal du bli handlar om den pensjonerte presten Jacob Juul, som i tillegg til å vera leiar i birøktarlaget er bygdas store sprithandlar. I løpet av nokre få, hektiske førjulsdagar blir livet heilt snudd på hovudet, når han blir både bestefar, enkemann og mordar. Her står forviklingane i kø, og det er opp til Jacob å løysa flokene. Heldigvis har han både ein bestekamerat på lensmannskontoret og variert erfaring med allslags situasjonar frå eit langt liv som prest. Det kjem godt med når han etter kvart må hanskast med ein kriminell bande, sin eigen bortkomne son og det splitter nye tilværet som bestefar for vesle Izzy. Boka er ein burlesk thriller som nappar i smilebanda. Samtidig er det ei varm historie om familie og venskap, og kor langt det går an å strekka seg for å verna om det ein set aller høgast i livet.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Etter fleire alvorlege bøker med tunge tema, hadde eg lyst til å skriva noko gøy. Noko sprelsk og leikent, utan å forholda meg til forventningar og sjangerkonvensjonar. Sånn sett var dette eit lite eksperiment for min del. Kunne det gå an å ha det så gøy med skrivinga at det smittar over på lesaren? Som lesar synes eg sjølv at dei aller mest interessante historiene ligg i grenselandet mellom det morosame og det alvorlege, der det lette og det tunge går som ein dans gjennom historia, og du kanskje til og med kjenner på at du ikkje burde ha ledd der du lo – for det ligg eit alvor og dirrer under overflata. Samtidig elskar eg dei originale karakterane, som du ikkje kan unngå å bli glad i, uansett kor dumme val dei tar. Her har eg rett og slett prøvd å skriva ei historia der lesaren kan bli glad i både heltar og skurkar, og alle mellom der. For kva rolle den enkelte speler i denne historia, kjem heilt an på korleis du les.

Boker an 17
Foto Adrian Nielsen/NORLA

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle haustens fokustitlar frå NORLA her