06.03.2023

Brynjulf Jung Tjønn - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Brynjulf Jung Tjønn. Han har skrive diktsamlinga Kvit, norsk mann, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2023.

Her kan du lese intervjuet vårt med Brynjulf.

Tjønn brynjulf adrian nielsen bredde2
Brynjulf Jung Tjønn. Foto: Adrian Nielsen/NORLA

Kva handlar boka di om?

Kvit, norsk mann er ei personleg og ærleg bok som inneheld ulike eksemplar på den usynlege rasismen som mange adopterte kan oppleve. Eg er sjølv adoptert frå Sør-Korea og har i Norge vakse opp på den mest norske måten ein kan gjere: som odelsgut på ein liten gard i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv om eg har vakse opp i ein kvit, norsk familie og kjenner meg 100 prosent norsk, opplever eg likevel rasisme.

Som adoptert har eg heile livet følt meg som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn, som aldri kan bli norsk nok. For heile tida blir eg snakka engelsk til og heile tida spør folk meg om kor eg eigentleg kjem frå.

Difor har eg alltid ynskt å sjå ut som alle andre i Norge, som ein kvit, norsk mann. Ville ikkje alt blitt betre då?

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

I Norge har tre norske barn mista livet fordi dei har hatt feil hudfarge. I 1999 blei Arve Beheim Karlsen, adoptert frå India, jaga ut i ei elv fordi han var mørk i huda. Han blei funnen død tre dagar etterpå. I 2001 blei Benjamin Hermansen knivstukken fordi han var mørk i huda. Og i 2019 blei Johanne Ihle-Hansen drept av sin eigen stebror fordi ho hadde feil etnisitet. Ho var adoptert frå Kina. Desse dødsfalla har gjort sterkt inntrykk på meg. Og då korona-pandemien braut ut i verda, opplevde mange med asiatisk utsjånad rundt omkring i heile verda auka rasisme og hets. Det gjorde eg også i Norge. Desse dødsfalla og #stopasianhate-kampanjen har fått meg til å reflektere over alt eg sjølv har opplevd som adoptert i Norge.

Boker an 11
Foto: Adrian Nielsen/NORLA

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle haustens fokustitlar frå NORLA her