Nyheter fra NORLA

Glimt frå NORLAs omsetjarkonferanse på Holmen, 14.-16. mai 2014

031 børge brende s
Utanriksminister Børge Brende opnar konferansen

NORLAs internasjonale omsetjarkonferanse 14.-16. mai samla 150 omsetjarar frå 35 språkområde utanfor Norden og nærare 100 norske forfattarar, foredragshaldarar, forleggarar, agentar, og bransjefolk. Konferansen blei eit entusiastisk stemne om omsetjing av norsk litteratur som varte tre heile dagar til ende på Holmen fjordhotell utanfor Oslo.

Konferansen var finansiert av Utanriksdepartementet og det er andre gongen NORLA og UD samarbeider om ein slik internasjonal konferanse for omsetjarar av norsk litteratur. Sist gong var i 2009, da 125 omsetjarar frå 31 språkområde deltok.

Opningstale ved utanriksminister Børge Brende og prolog ved forfattar Erik Fosnes Hansen
Konferansen blei offisielt opna av utanriksminister Børge Brende onsdag 14. mai, som framheva omsetjarane som “viktige utenrikspolitiske aktører for Norge”, blant anna fordi “virkningen av god litteratur kan være sterkere og mer varlig enn politiske vedtak”. Brende understreka at Utanriksdepartementet, Regjeringen, ja heile Norge set umåteleg stor pris på jobben omsetjarane gjer for litteraturen og for norske interesser i utlandet.

Les Børge Brendes opningstale her.

Erik Fosnes Hansen heldt ein prolog som hylla omsetjaren som forfattarens “stemme” i verda, og den dyrekjøpte erfaringa som fekk ein ung og internasjonalt hylla forfattar til å forstå at det viktigaste er å takke omsetjaren sin for suksess i utlandet.

31a erik fosnes hansen s
Prolog ved Erik Fosnes Hansen

Som ein litteraturfestival
NORLAs omsetjarkonferanse hadde eit omfang på storleik med ein god litteraturfestival. Ikkje mindre enn 70 seminar, verkstader og førelesingar fikk deltakarane nyte godt av – ein djupdykk i norsk litteratur og kultur gjennom møte med forfattarar, førelesarar og norsk forlagsbransje. Temaa omfatta alt frå den norske språksituasjonen (ved professor Arne Torp, les føredraget her) til stilistikk. Frå ny, norsk dramatikk til barnerim, bildebøker og teikneserieskaping. Frå barnets univers og barndommen i litteraturen til eit historisk blikk på farsrolla.

Programrikdom
Det var seminar om samtidspoesi og noveller, sakprosa for barn og unge og nasjonale referanseverk, oversett humor til nordmenns forhold til naturen.
Og vidare til nynorsk for dummies og ny sakprosa (også biografi og sjølvfiksjon), ulike vinklingar på norsk krim, språket i norsk feminisme og “pitching” – korleis selje inn ei bok til eit forlag.

Fleire av omsetjarane bidrog også fagleg med populære og godt besøkte seminar, der dei delte (dyrekjøpt) praktisk erfaring om korleis omsetje banning eller innlemme kulturspesifikk informasjon i litterære omsetjingar. Det var seminar om omsetjing og tilpassing – og om omsetjaren som litteraturformidlar. Eit seminar handla om “mitt liv som omsetjar” og eit anna den norske setninga og setningas verb: syntakse, hypotakse og paratakse. Det var også seminar om omsetjing av norske dialektar og omsetjing av fysiske skildringar av menneske og rom.

Styrka band mellom norsk bokbransje og omsetjarane
Omsetjarane fikk også møte mange forfattarar, som bidrog til å gi omsetjarane ei sterk kjensle av å vere høgt verdsett i arbeidet sitt med å få norsk litteratur ut i verda.

074 herbjørg wassmo kopi
Herbjørg Wassmo

NRK sitt radioprogram Kulturhuset gjorde ein intervjuserie med fleire av omsetjarane som var til stades på konferansen. Høyr dei her.

Omsetjarane fekk også møte norske agentar og forlag i ein summande og aktiv agentkafé, der nettverket mellom norsk bokbransje og omsetjarane ble styrkt, og informasjon om bøker blei utveksla i høgt tempo.

026 agenter kopi
Agentkafeen var ein suksess. Foto: Ebba D. Drolshagen

Vi i NORLA kjenner oss trygge på at konferansen vil ha store, positive verknader, på kort og lang sikt, for norsk litteratur i utlandet.
For omsetjarane er dei viktigaste ambassadørane for norsk litteratur ut i verda!

På Books from Norway finner du informasjon på engelsk om norske bøker i alle sjangre. Informasjonen utarbeides av rettighetshavere og NORLA.

www.booksfromnorway.com