06.03.2023

Gunnhild Øyehaug - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Gunnhild Øyehaug. Ho har skreve Hjartet i skalkeskulet, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2023.

Her kan du lese intervjuet vårt med Gunnhild.

Øyehaug gunhild helge skodvin
Gunnhild Øyehaug. Foto: Helge Skodvin

Kva handlar boka di om?

Hjartet i skalkeskjulet er ei essaysamling med ti essays, nokre lange, nokre litt kortare, men felles for alle er at dei handlar om kunst, litteratur, film eller musikk. Dei handlar om inspirasjon, og om å lese, sjå og skrive. Eg skriv blant anna om nokre måleri av Edvard Munch, om Nikolai Astrup, om den amerikanske forfattaren Mary Ruefle, om entusiasme og om musikkvideoen til Kate Bush der ho dansar så merkeleg i ein raud kjole til songen Wuthering Heights (og eg lurer på: er ho ironisk? Eller inderleg?) og om den russiske filmskaparen Andrej Tarkovskij, om korleis det har vore å sjå ein film nitten gonger. Attpåtil ein litt stilleståande film. Mottoet for samlinga er eit sitat av den finlandssvenske poeten Tua Forsström, og det er slik: «När någon förvandlar dig, vet du om det?» Årsaka til at eg sette dette sitatet som motto, er at nettopp forvandlinga er eit sentralt tema. Eg har til dømes sett på kva det var som hende då Nikolai Astrup endra seg i mi eiga oppfatning, frå å vere ein målar eg oppfatta som nærmast realistisk, til å forstå at det gøymde seg noko heilt anna der. Eller eg fortel om kva det var som hende då eg forstod at for å bli forfattar, nyttar det ikkje å ikkje lese bøker, slik eg tenkte som ungdom, for å verne om min særlege originalitet. Kva ER originalitet, spør kanskje boka. Tittelen, Hjartet i skalkeskjulet, spelar på den stadige vekslinga mellom nærleik og maskering, sanning og framstilling.

Kven er denne boka for?

Eg trur dette er ei bok for alle som likar å lese, og kan hende er den særleg interessant for dei som likar å skrive også. Den handlar jo i stor grad om det å finne vegar inn i skrivinga på. Eg har også fått mykje respons frå ulike lesarar om at dei kjenner seg igjen i eit essay som handlar om korleis kunstverk kan endre meining gjennom livet; at noko ein opplevde som sterkt og viktig i ein fase, er mindre viktig i ein annan. Men at det også ofte kjem tilbake. Håpet mitt er at lesaren skal få fornya lese-, sjå- og tenke-lyst etter å ha lese boka, og ha lyst til å oppsøke verka, eller verda, og kan hende skrive om det dei ser.

Øyehaug gunhild hjartet i skalkeskjulet kolon

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle haustens fokustitlar frå NORLA her