Nyheter fra NORLA

Norsk litteratur i tall 2013

Litteratur i tall 2013 bilde

I dag presenterte Norsk Kulturråd rapporten Litteratur i tall 2013, som kartlegg samla omsetning og inntektskjelder i den norske bokbransjen. For første gong blir óg tal for norsk litteratureksport samme år inkludert.
Litteratur i tall 2013 er resultatet av eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kulturrådet, og rapporten er utarbeida av Rambøll Management Consulting.

Nøkkeltal
Rapporten viser ei samla omsetning i norsk litteraturbransje på 6,2 milliardar kroner i 2013. Av dette utgjorde eksportinntektene av norsk litteratur 76 millionar kroner. 29 millionar var eksport av rettigheitar, samproduksjon og royalties, mens 47 millionar var direkteeksport av norske bøker til utanlandske konsumentar. Til saman utgjorde eksportinntektene 1,3 prosent av den samla omsetjinga i bransjen.

Margit Walsø, direktør i NORLA, fremla i seminaret følgjande kommentarar til rapporten:

Bokmarknaden og språkets eigenart
Det norske bokmarkedet står sterkt. Ei inntekt for året 2013 på omlag 6 mrd. er solid for eit land med 5 millionar. Og over halvparten av omsetninga går gjennom bokhandel. Fundamentet for dette er lagt langt tilbake. Utviklinga av norske bøker på norsk språk for alle lesarar har vore ein sentral nasjonal ambisjon i meir enn hundre år. Norske forfattarar gir uttrykk for nasjonens kollektive bevisstheit gjennom det norske språket.
Språk må omsetjast for å bli eksportert. Her skil litteraturen seg diametralt frå musikken. Det er ein krevjande prosess å få norske bøker ut i andre lands bokkretsløp. Det tar tid. Mange partar er involvert, ikkje minst omsettjarar som må kunne norsk.

Målet med rapporten
Rambølls oppdrag har vore å rekne ut den samla omsetninga for bransjen i løpet av eit år, eller kva konsumentane har vore villige til å bruke på litteratur i løpet av 2013. Statistikken prøver å komme så nær utsalsverdien som mogleg ved å innhente tal frå dei kjeldene som fell nærmast konsumenten i verdikjeden.
Eksporttala for 2013 er ikkje innhenta direkte frå konsumentane, men kjem dels frå brutto rettigheitsinntekter, både forskotsbetaling i høve til kontraktar og sal av rettar frå mange foregåande år. Royalty blir avrekna året etter at det fysiske boksalet har skjedd. Rambøll har forståeleg nok ikkje kontakta salsledda i utlandet, men sett på inntektsstrømmen tilbake til den norske agenten som selte utgivingsretten til det utanlandske forlaget.

Bokmarknaden i Norge og utlandet
Det ville sjølvsagt ha vore interessant om ei undersøking kunne forhalde seg meir direkte til dei ulike marknadene og deires forlagsøkonomi, som ofte er heilt annleis enn den norske. Til dømes er bokprisen i nesten alle andre land mykje lågare enn i Norge. I tillegg er royaltysatsane for det som kjem tilbake til forlag og forfattar av bøker selt i utlandet langt under halvparten av Normalkontraktens royalty til forfattaren for boksal i Norge. Viss bokprisen i Kina er 10 % av nivået i Norge kan ei bok som har selt 30.000 i Kina gi inntekter på vel 100.000 kr til fordeling mellom forlag og forfattar. Mens eit sal av ei bok i Norge på same nivå kan gi over 2 millionar kr bare til forfattaren. Det illustrerer at den verkelege verdien av at ein norsk forfattar når ut til store lesargrupper i andre land, ikkje blir fanga opp av den beskjedne kronesummen som kjem inn på konto i Norge.

Suksess ute og heime
Det er ein samanheng mellom suksess i utlandet og merksemd og sal heime. På søndag sto bøker av tre norske forfattarar på rekke og rad med strålande kritikkar i The New York Times Book Review: Karl Ove Knausgaard med bind fire av Min kamp, Jeg nekter av Per Pettersen og Åsne Seierstad med En av oss. Dette, som må vere eit historiske avtrykk for norsk litteratur i USA, vil kunne bety mykje for den vidare oppbygginga av desse forfattarane her heime, og dermed inntektsgrunnlaget deira.
Dette veit norske forlag og agentur veldig godt. Det er viktig å ivareta forfattarens muligheit til å nå andre marknader. Mange kontraktar om utlandssal krev mykje innsats, men gir lite igjen i reine pengar. Men det handlar om å utvikle forfattarskap – og da må ein tenke langsiktig.

Avgrensningar ved undersøkinga
Ei viktig avgrensing ved undersøkinga må nemnast. Den største delen av inntekter frå eksport av bøker går til forfattaren, ikkje forlaget (vanlig: 75/25). Inntektene kan få stor økonomisk betydning for ein forfattar i eit livsløp. Men eksportinntektene i undersøkinga er målt som inntekt til norskregistrerte selskap, og ikkje næringsinntektene til enkeltpersonar. Dermed fell alle eksportinntekter til forfattarar med utanlandske agentar vekk i denne undersøkinga, og vi veit at mange av våre store eksportforfattarskap nettopp blir ivaretatt av agentar utanfor Norge. Samtidig er desse forfattarane uhyre viktige for oss da synlegheita dei får skaper ringvirkningar for norsk litteratur og gjer Norge som nasjon meir synleg i verda.

Slike undersøkingar har mest relevans når dei blir sett inn i ein samanheng. Det ville vere svært interessant å kunne sjå dei indirekte økonomiske effektane av aktiviteter i bokbransjen, dvs ei meir samfunnsøkonomisk analyse. Da ville vi få eit breiare bilde av kva eksport av litteratur frå eit lite språkområde, men med ein sterk bokmarknad, faktisk betyr. Men dette har ikkje vore mandatet for denne første undersøkinga av Litteratur i tall.

Vidare bruk av rapporten
Kva kan vi bruke denne undersøkinga til? Det er nyttig å diskutere dei avgrensingar som alltid må gjerast. Til å få meir kunnskap om bokbransjen, her heime og ute. Statistikken er ein god begynnelse, men vi bør kome fram til ei breiare analyse for litteratureksporten. 2013 er første måling, og vi skal bruke tala bevisst når vi arbeider for å auke norsk litteratureksport i åra som kjem. Vi får no betre verktøy til å måle resultat av særlege aktivitetar.

Litteratur i tall 2013 bilde
Rapportforside: Litteratur i tall 2013

Meir om rapporten her.

Heile rapporten kan lesast her.

Tilsvarande rapport om Musikk i tall 2013 kan lesast her.

Metodenotatet, som ligg til grunn for utarbeidinga av begge rapportane, kan lesast her.