20.09.2022

Trude Tjensvold - fokustittelforfatter

Vi har gleden av å presentere forfatteren Trude Tjensvold. Hun har skrevet og illustrert Raud Volvo, som er en av NORLAs fokustitler høsten 2022.

Her kan du lese vårt lille intervju med Trude.

Trudetjensvold12
Trude Tjensvold. Foto: Fartein Rudjord/NORLA

Hva handler boka di om?

- Du er så annleis, Ann-Sofi, seier Jenny til venninna si.

Sommaren er over og skulen har starta.
Ann-Sofi heng med eldre ungdommar no,
som Mikke med den raude Volvoen.

Jenny kjenner seg barnsleg, men ho er nysgjerrig
og lengtar etter å vere meir som venninna.

Ho legg ein plan for å treffe Mikke i smug –
men ingen ting blir som Jenny har tenkt.

Boka tek utgangspunkt i den vanskelege grensesettinga, og kva er eigentleg eit overgrep?

Hva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Boka kom litt av seg sjølv på eit vis; eg skulle prøve å lage ein teikneseriesnutt som handla om smugrøyking. Men så blei eg så interessert i hovudkarakteren min, Jenny, at det eine tok det andre, og ei tynn lefse blei ei heil bok.

Først var det ubehageleg å prøve å gå inn i tankane og kjenslene til ein 14-åring, men ganske raskt blei eg glad i Jenny og ville lære ho betre å kjenne.

Hvem er denne boka for?

Boka er for alle ungdommar, men kan gjerne òg vere for dei av oss som har tenkt å snart bli ungdommar eller for oss som ein gong har vore ungdommar.

Omslag

Tjensvold raud volvo 9788234008191

Les mer

Se engelsk presentasjon av boken her

Les mer om forfatteren her

Se alle høstens fokustitler fra NORLA her