Fosseprisen 2026 til omsetjar av norsk litteratur – NORLA ber om forslag
I samband med at Jon Fosse vart tildelt Nobel-prisen i litteratur for 2023 la regjeringa til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – eit årleg Fosseforedrag med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det også blir utdelt ein Fossepris for omsetjarar på 500.000 kroner. Regjeringa markerer på denne måten kor viktig forfattarskapen til Fosse er i Noreg og internasjonalt.

24. april 2025 overrekte Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit den første Fosseprisen til den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel i eit direktesendt arrangement på Slottet. Her blei også det første Fosseforedraget halde av den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion.
Det er Nasjonalbiblioteket som forvaltar Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar på vegner av regjeringa. Nasjonalbiblioteket deler i samarbeid med NORLA årleg ut Fosseprisen til ein framifrå omsetjar av norsk litteratur og/eller dramatikk.
Prisen blir gitt for ei samla omsetjargjerning. Mottakaren av prisen blir vald ut av Nasjonalbiblioteket, Jon Fosse og NORLA i fellesskap.
NORLA nominerer kandidatar og ber no om forslag til aktuelle kandidatar til nominasjonsprosessen for Fosseprisen 2026.
Vi ønskjer forslag etter kriteria under, med kort grunngjeving (maks 1 side), innan fredag 10. oktober 2025, kl. 12:00 (CET).
• Prisen skal gå til ein omsetjar som har gjort eit særleg viktig arbeid med å omsetje norsk litteratur og/eller dramatikk (ikkje nødvendigvis i bokform) direkte frå norsk til eit anna språk, der heile omsetjargjerninga blir vektlagt
• Litteratur- og kulturformidling ut over omsetjing kan ha betydning
Forslagstillarar kan til dømes vere:
• Utanlandske forlag som gir ut norsk litteratur
• Utanlandske omsetjarforeiningar
• Utanlandske universitet der det blir undervist i norsk språk
• Utanlandske teaterscener og regissørar
• Noregs utanriksstasjonar
Omsetjarar kan ikkje foreslå seg sjølve.
Forslag med kort grunngjeving (maks 1 side) kan sendast til NORLA
seinast fredag 10. oktober 2025, kl. 12:00 (CET).
Les meir
Om Fosseprisen og Fosseforedraget her
Sjå seremonien på Slottet 24. april 2025 her
Alt om Fosseforedraget og Fosseprisen 2025 her
Om Jon Fosse