18.03.2024

Frode Grytten - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Frode Grytten. Han har skrive Den dagen Nils Vik døde, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2024.

Frode grytten 2023 helge skodvin
Frode Grytten. Foto: Helge Skodvin

Kva handlar boka om?

Lett å svare. Romanen handlar om nettopp det tittelen seier, om den siste dagen i ein manns liv. Nils Vik vaknar kvart over fem om morgonen, og så følger romanen han gjennom resten av dagen. Det er bokas vesle tidsspenn. Nils har vore skyssbåtførar i ein fjordarm vest i Norge, denne dagen gjør han ei siste reise med båten, han står ut fjorden saman med den avdøde bikkja si og blir borte. Men så blir det langt vanskeligare, for denne siste dagen kjem også med alle mulige spørsmål, spørsmål om det livet som no er levd, dermed finst det også eit tidsspenn på fleire tiår i romanen. Denne siste dagen kjem også med alle mulige døde, døde som vil om bord i båten til Nils og ha eit ord med i laget. Ikkje minst handlar det om Nils vil få sjå igjen si høgt elska kone, Marta. 

Kva inspirerte deg til å skrive boka?

Lett å svare på det også. Morfaren min, Fredrik Moss, var skyssbåtførar i Ølve i ytre del av Hardangerfjorden, han skyssa høg og låg over fjorden, prestar, legar, pasientar, skuleelevar, menn og kvinner, unge og gamle, sauar og geiter. Romanen er ikkje eit portrett av morfar, men ideen kjem frå turane mine om bord i båten hans. For fem-seks år sidan lagde eg ein liten tekst til morfar, etter å ha hørt Kate Rusby synge “Bring Me a Boat”, det opna stoffet for meg, då gikk det opp for meg at her finst materiale til ein heil roman. Ferjemannen er ein mytologisk figur, men å vere ferjemann var i si tid også eit heilt konkret yrke, ferjemannen var ein person som sydde små samfunn saman, førte folk hit og dit, før bilar og vegar og bruer og ferjer overtok jobben og gjorde yrket til historie.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her