16.10.2023

Ingunn Thon - Fokustittelforfattar

Ingunn Thon skriv om Orion Sigerstad, den flinkaste flinkisen du kan tenkje deg, som ein dag blir helt bajas. – Denne boka er til deg som er meir opptatt av kva andre tenkjer om deg, enn kva du tenkjer om deg sjølv, seier ho.

Thon, ingunn (c) luksengard bruk dette
Ingunn Thon har skrevet boka 'Full bajas'. Foto: Signe Luksengard.

Full bajas er valt ut som en av NORLAs fokustitler høsten 2023. Her fortel forfattar Ingunn Thon meir om boka, kva som inspirerar ho, og kor og når ho jobbar aller best.

Kva handler boka di om?

Boka mi handlar om Orion Sigerstad, den flinkaste flinkisen du kan tenkje deg. Han er perfekt heime, på skulen, i korpset, ja, over alt. Men ein dag, etter ei uvanleg utviklingssamtale med den nye læraren, vaknar han og har blitt heilt bajas. Han ropar og bråkar og skriv feil og spelar feil. Kva har skjedd? Og korleis i alle dagar kan han bli seg sjølv att?

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Ei blanding av fleire ting. For det fyrste er jo mange unge i dag veldig opptatt av korleis andre ser dei. Me er alle det til ein viss grad, men det verkar som om presset mot å prestere og framstå perfekt er sterkare enn før. Eg ynskjer at dei ungane ikkje berre tenkjer “Gjer eg det rett?”, men at dei har ein like sterk indre stemme som seier “Har eg det bra?”.

Og så har eg to ungar sjølv, og eg legg smerteleg godt merke til kor ofte eg brukar ordet “flink”. Eg vil eigentleg ikkje seie det, men det dett ut av meg heile tida. “Åh, så flink du er til å kle på deg! Sykle! Huske! Eta!” Eta… Flink til å eta? Det er så meiningslaust at eg blir flau. Og i dette surret byrja eg å krisemaksimere og tenkje “Kva kan bli ytterste konsekvens om eg held fram med å snakke slik?” Og ytterste konsekvens er nok Orion Sigerstad. Får håper eg sluttar før det går så langt.

Og sist, men ikkje minst ville eg skrive ei bok med fart og tull. Ei bok til dei som tenkjer at lesing er kjedeleg. Min største draum er at ein av dei ungane finn denne boka og den får dei til å tenkje “Å, finst det slike bøker også? Ja, men då kan det jo hende eg likar å lese likevel.”

Kven er denne boka for?

Den er til deg som er meir opptatt av kva andre tenkjer om deg, enn kva du tenkjer om deg sjølv. Til deg som treng å lære å sette grenser for deg sjølv, ikkje alltid gjere alle andre til lags. Og til deg som treng å bli minna på at dei fleste gjer så godt dei kan, sjølv om det ikkje alltid ser slik ut.

Kor og/eller kvar tid jobbar du best?

Før jobba eg nok best etter klokka 12 på biblioteket eller ein roleg kafé. Ein stad der eg ikkje kan drive med så mykje prokrastinering. Men no, etter to ungar, jobbar eg kvar som helst, når som helst, så lenge eg kan få minimum 30 minutt arbeidsro.

Se engelsk presentasjon av boka her

Se alle høstens fokustitler fra NORLA her