14.10.2025

Jon Fosse - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Jon Fosse. Han har skrive Vaim, som er ein av NORLAs fokustitlar hausten 2025.

Jon Fosse. Foto: Agnete Brun

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Inspirasjon er på ein måte eit ukjent ord for meg. Eg kan ikkje seia at noko inspirerer meg til å skriva noko som helst. Eg set meg ned og byrjar skriva, og om opninga er god, noko den faktisk som ofast er, så har den meir eller mindre resten av det eg kjem til å skriva i seg.

Når nokre sider er skrivne, så lyttar eg så å seia til det som er skrive, og så til noko anna som eg ikkje veit kva er. På eit visst punkt i skrivinga får eg ei kjensle av at det eg held på med alt er ferdigskrive ein stad der ute, ikkje der inne i meg, men der ute ein stad. Og når eg skriv som best er det liksom ikkje eg som skriv, men noko som skriv i meg. Det eg skriv skriv så å seia seg sjølv. Så skal eg svara på spørmålet må vel svaret bli at det er skrivinga sjølv som inspirerer meg.

Kven er denne boka for?

Eg tenkjer aldri på at eg skriv for nokon. Hadde eg det gjort så trur eg knapt at eg hadde våga skriva. Eg samlar meg intenst om sjølve skrivinga. At det eg skriv skal gjevast ut som bok eller bli lese av nokon sviv meg ikkje.

Ein gong for lenge sidan vart eg òg spurd om kven eg skriv for – eg svarte då at eg skriv for Gud. Det er kanskje ikkje så dumt sagt som det lyder. Eg tenkjer ikkje på at eg vender meg til noko menneske, likevel så er jo skrivinga ein slags tiltalte, og dermed ein tiltale til ingen, til ingenting, i ei viss tyding til Gud. Slik sett minner det å skriva for meg om det å be, at skrivinga er ei bøn. Eg er elles ikkje det fyrste som tenkjer slik – Franz Kafka sa at skrivinga for han er bøn.

Men eg veit jo at det eg skriv, om nokon vil publisera det, skal bli ei bok, skal bli ei vare som skal seljast til nokon. Til kven? Eg kan ikkje anna seia enn at det er to whom it may concern.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle haustens fokustitlar frå NORLA her