15.10.2024

Are Kalvø - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Are Kalvø. Han har skrive Berre bønder lengtar heim, som er ein av NORLAs fokustitlar hausten 2024.

Are Kalvø. Foto: Sturlason

Kva handlar boka di om?

Boka er eit forsøk på å slå fast ein gong for alle kva som er best: By eller land? Så lenge eg har levd, har slike kranglar skapt dårlig stemning: Hovudstaden mot resten av landet. Landsdel mot landsdel. Bygd mot by. Eg syntest at tida var inne for å legge desse konfliktane bak oss, og at dette var ein jobb for meg. Eg bestemte meg for å bu ein periode i Norges minste kommune Utsira og ein periode i ein av Europas største byar London, og samanlikne. Boka handlar om å bu på ein veldig liten og ein veldig stor plass, om folka eg møtte og blei glad i, om kvar ein eigentlig er heime, og om det eigentlig er så viktig?

Og kva skil boka frå andre slike bøker?

Her skal eg sjølvsagt vere forsiktig med å påstå at denne boka er morsommare enn andre bøker i same sjanger, så la meg seie det på ein annan måte. Boka er både ei slags komedie-reiseskildring full av morsomme men stort sett sanne historier frå ein veldig liten og en veldig stor plass, og ei bok skriven i ekte undring og eit ekte ønske om å forstå kvifor folk veljer å bu som dei bur, og kvifor det kan vere så merkelig provoserande for oss at folk veljer å bu og leve annleis enn oss sjølve.

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her