18.03.2024

Martin Baldysz - Fokustittelforfattar

Vi har gleda av å presentere forfattaren Martin Baldysz. Han har skrive Fallgard, som er ein av NORLAs fokustitlar våren 2024.

Martinbaldysz(c)hellefrogner (1)
Martin Baldysz. Foto: Helle Frogner

Kva handlar boka di om?

Fallgard er eit nært og sanseleg portrett av ei ung jente i ei brytningstid, der både ho sjølv og samfunnet kring henne er i sterk omvelting. Ingeborgs barndom er i ferd med å bli eit minne, og uvissa over framtida og dei nye kjenslene heng støtt over ho. Ingeborg lengtar seg forbi den vernande fallgarden som omkransar øya, men det er òg ein annan lengt som brenn i ho. Er det ein likesinna ho finn i Olaug som bur på den andre sida av øya, eller er det noko djupare og meir inngripande mellom dei, noko som vil gjere livet saman med dei andre på øya, umogleg? 
Boka handlar om det å våge gå eigne vegar, eller innrette seg i det trygge fellesskapet.

Kva skil boka frå andre slike bøker?

I ei tid utan mobiltelefonar, og på ein stad uten telefonar, kjem menneske og relasjonar tydlegare fram. Påkjenninga av det å kjenne seg som ein framand i eit lukka øysamfunn i byrjinga av 60-talet, der retninga i livet mest er gitt etter ein er fødd, er meir tyngande og isolerande enn i dagens samfunn. Dermed ligg romanens kjerne i det usagte. Dette er ikkje ein historisk roman som skal vise fram ei anna tid. Det blir brukt ei anna tid, for å synleggjere oss som menneske.  

Les meir

Sjå engelsk presentasjon av boka her

Les meir om forfattaren her

Sjå alle vårens fokustitlar frå NORLA her