16.10.2023

Maria Parr og Åshild Irgens - Fokustittelforfattarar

Maria Parr vender seg mot det heilt nære i boka Oskar og eg. – Dette er nok min rungande hyllest til den heilt vanlege kvardagen og alt han rommar, seier ho.

Uten tittel (5)
Maria Parr (f.v) har skreve boka 'Oskar og eg', illustrert av Åshild Irgens. Foto: Julie Marie Naglestad og Jan Tore Eriksen / NORLA.

Oskar og eg er valt ut som fokustittel høsten 2023. Den er skrive av Maria Parr og illustrert av Åshild Irgens. Her fortel Maria Parr meir om boka, kva som inspirerar ho, og kor og når ho jobbar aller best.

Kva handlar boka di om?

Boka mi handlar søskena Oskar og Ida og kvardagen dei lever saman med foreldra sine. Ida er åtte år og forteljar. Oskar er fem år og «all over the place», med ei eiga evne til å bli midtpunktet i forteljingane. Boka har undertittelen «Alle plassane vi er», og kvart kapittel tek utgangspunkt i ein av desse små stadane vi finn i det eg vil kalle barndomens topografi: Klesskapet, gangen, skulen, elva, onkelhuset og så vidare. Vi følgjer Oskar og Ida gjennom eit heilt vanleg år med vår, sommar, haust og vinter, med små og store hendingar, litt gråt og mykje latter.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Det var fleire ting, men mest var det kanskje eit behov for å vende seg mot det heilt nære. Eg har skrive mykje om vennskap tidlegare, mindre om livet i ein familie. Å ta fatt på den tematikken var som å opne ei skattekiste innvendig. Eg har også tenkt mykje på kva som står igjen til slutt, om vi er så heldige å bli gamle, og eg trur at alle desse små stadane der vi leika som barn, ligg djupt i oss alle. Med meg i skriveprosessen har eg også hatt den stadige påminninga om at det å få leve i ein vanleg og trygg kvardag er eit privilegium, og kanskje noko ein ikkje heilt oppdagar og set pris på før ein veit kva det er å ikkje ha det. Så litt pompøst sagt så er nok denne boka om Oskar og Ida min rungande hyllest til den heilt vanlege kvardagen og alt han rommar.

Kven er denne boka for?

Eg ser ofte føre meg ein høglesingssituasjon når eg skriv, og vil gjerne få med meg den vaksne lesaren inn i ei forteljing på barna sine premiss. Å lese saman er ein veldig fin ting! Kapitla er også utforma som små avsluttande forteljingar, sjølve gullramma for høgtlesinga. Men boka er også gjennomillustrert i fargar, og eg trur mange barn kan finne stor glede i å lese henne sjølv.

Kvar og/eller kva tid jobbar du best?

Viss eg hadde svaret på det, så hadde det nok kome fleire bøker frå mi hand. Eg brukar lang tid og skriv mykje som aldri blir noko anna enn ei øving. Eg har verkeleg lært meg å sette pris på dei månadane då eg har funne tonen i eit skriveprosjekt og berre kan jobbe på. Saman med Oskar og Ida har eg kosa meg noko veldig!

Se engelsk presentasjon av boka her

Les mer om forfatteren her

Se alle høstens fokustitler fra NORLA her