Biografi

Jon Fosse er ein prislønna norsk forfattar. Fosse har skrive romanar, dikt, barnelitteratur, essay og skodespel, i tillegg til at han har omsett og gjenfortalt fleire klassiske verk. Han er mellom dei mest spela nolevande dramatikarane i verda, og er ofte omtalt som «den nye Henrik Ibsen».

Sjølv skriv Fosse på nynorsk. Teaterstykka hans er omsette frå nynorsk til meir enn 50 språk. Han blei i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege», som det heiter i grunngjevinga til juryen.

Les meir