Marit Kaldhol - fokustittelforfatter
Vi har gleden av å presentere forfatteren Marit Kaldhol. Hun har skrevet På ei trapp i universet som er illustrert av Susanna Kajermo Törner. Boken er en av NORLAs fokustitler høsten 2022.
Her kan du lese vårt lille intervju med Marit.
Hva handler boka deres om?
Boka utforskar livets begynnelse på mikro- og makroplan, først ved å undersøke verdsrommet, for så å sjå på liv som veks ut av egg.
Innhaldet er formidla gjennom undringa og dei nysgjerrige tilnærmingane til to barn og katten Jupiter som bur på ein liten gard ved ein skog.
Boka viser korleis mange ulike skapningar har egg, ber egg, legg egg, og korleis det nye livet i egget utviklar seg til å bli forskjellige dyr, alt frå ørsmå insekt, fugl, fisk, menneske og store hav- eller landdyr, og med dei tallause eigenskapane og karaktertrekka som ligg latente i egget. Dikta ser nærare på store og små egg, egg med og utan skal, egg som blir passa på eller som flyt fritt og blir overlatne til seg sjølve. Kort sagt viser vi fram nokre flikar av det uendelege mangfaldet i naturen – og det sjølvsagte: at det ikkje er berre høner som legg egg.
Der dikta rettar det poetiske blikket mot korleis universet blei til, spør dei både om korleis planetar blei danna og korleis dei ein gong skal opphøyre. Dei forsøker å fange inn dei enorme avstandane, dei uforståelege tidsaspekta, dei ufattelege samanhengane mellom tid, rom og lys, mellom det livet som er nært og gjenkjenneleg, og det uendelege, store som vi også er ein del av.
Hva skiller boka deres fra andre bøker i samme sjanger/tematikk?
Som diktbok for barn (6-9 år) skil boka seg ut ved ein samtidig universell og jordnær tematikk: korleis livet og universet er blitt til og er i kontinuerleg skaping og utvikling. Undringa er drivkrafta i dikta, den leikne tilnærminga til livet i tidlege fasar. Samtidig som barna og katten i boka fantaserer, spekulerer og diskuterer sine eigne roller, bygger kunnskapen som er skrivne inn i dikta på vitskaplege fakta eller problemstillingar som verdas astrofysikarar også arbeider med.
Boka forsøker å vekke undring og stimulere til vidare interesse for desse svimlande samanhengane der mikro- og makronivået eksisterer samtidig. Ved å formidle glede og undring over naturen og fysikken i det jordnære – på trappa og i skogen – og ute i dei galaktiske, ukjente verdene vår eigen planet er ein del av, kommuniserer dikta at menneska er både store og viktige, og samtidig små og totalt uviktige. Og boka dristar seg til å spørre: Kva skjer når alt tar slutt?
Omslag
Les mer
Se engelsk presentasjon av boka her
Les mer om forfatteren her
Se alle høstens fokustitler fra NORLA her