20.09.2022

Sigri Sandberg - fokustittelforfatter

Vi har gleden av å presentere forfatteren Sigri Sandberg. Hun har skrevet Ro – om Sognefjorden og ein lang rotur heim, som er en av NORLAs fokustitler høsten 2022.

Her kan du lese vårt lille intervju med Sigri.

Sigrisandberg09
Sigri Sandberg. Foto: Fartein Rudjord/NORLA

Hva handler boka di om?

Ro er ein lang rotur i ein gamal trebåt. Eg ror frå der eg ein gong budde og til dit eg delvis bur, 226 kilometer inn verdas lengste farbare fjord, Sognefjorden. Og eg ror sakte. Fjord er eit av dei få norske orda som finst i alle verdas språk, det kjem frå norrønt og betyr ”ein stad der ein ferdast”. Sjølv hadde eg farta og flytta så mykje i mitt liv, eg trengte å lande ein plass. Kunne eg få kalle eplegarden inst i fjorden heime?
I boka spør eg korfor det er så viktig for oss menneske å ha ein heim, å høyre til, å kome frå ein stad. Eg fortel om vind og straumar, landskap og dyreliv, om korleis fjorden vart til – og om den gongen fjorden var riksvegen. Og om naturen som rammeverk for heile vår eksistens.

Eg ror med mannen min, venninner og mor mi, på ulike strekk. Det blir høge bølger og dramatikk, men også stille fjord, song og nakenbading.

Ro er rett og slett ein hyllest til ein lang fjord – og eit forsøk på å finne heim.

Hva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Det var mykje uro, sjukdom og sorg, både i verda og i nær krets. Pandemien sperra meg inne i byen. Eg lengta til natur, lengta til dit eg budde som barn, til hav – og til eplegarden inst i fjorden. Lengta etter å vogge i takt med bølgene, få vind og saltvatn i fleisen og blemmer i hendene – og å få til nokre gode ro-tak i takt med mannen min. Vi hadde kvar vår bagasje, kvar våre ungar, og eg lengta etter å vere i same båt og undervegs, ilag.

Eg kjente rett og slett på ein uanstendig lyst til å ro, og til å bli kjent med livet over og under vatn i denne fjorden. Kva folk og farty farta her før? Og korfor var det så lite fisk? Skrivinga er mi form for undring, og ein måte å prøve å forstå verda og naturen og korleis alt heng i hop.

Så tja, kan hende var det fjorden sjølv som inspirerte meg? Eller mamma sin gamle trebåt? Kan hende var det fortid, notid, bølgene av spørsmål – og det å prøve å nærme seg nokre svar som inspirerte meg? Eller var det mannen? Dette ønsket om å sitje på ei tofte fremst i denne båten og sjå bakover dit vi hadde vore, sjå på dei sterke hendene hans, armane hans, og bevege seg sakte framover – dette ønsket om at han skulle ro meg heim?
Kan hende var det alt dette.

Les mer

Se engelsk presentasjon av boka her

Les mer om forfatteren her

Se alle høstens fokustitler fra NORLA her

Sigrisandberg11
Foto: Fartein Rudjord/NORLA