Fosseprisen 2027 til omsetjar av norsk litteratur – NORLA ber om forslag
I samband med at Jon Fosse vart tildelt Nobel-prisen i litteratur for 2023 la regjeringa til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – eit årleg Fosseforedrag med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det også blir utdelt ein Fossepris for omsetjarar på 500.000 kroner. Regjeringa markerer på denne måten kor viktig forfattarskapen til Fosse er i Noreg og internasjonalt.
Det er Nasjonalbiblioteket som forvaltar Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar på vegner av regjeringa. Nasjonalbiblioteket deler i samarbeid med NORLA årleg ut Fosseprisen til ein framifrå omsetjar av norsk litteratur og/eller dramatikk.
Prisen blir gitt for ei samla omsetjargjerning. Mottakaren av prisen blir vald ut av Nasjonalbiblioteket, Jon Fosse og NORLA i fellesskap.

NORLA nominerer kandidatar og ber no om forslag til aktuelle kandidatar til nominasjonsprosessen for Fosseprisen 2027.
Vi ønskjer forslag etter kriteria under, med kort grunngjeving (maks 1 side), innan tysdag 15. september 2026, kl. 12:00 (CEST).
Merk at alle forslag frå tidlegare år utgjer ei samla langliste, som blir vurdert årleg. Det er derfor ikkje nødvendig å sende inn same forslag meir enn éin gong, med mindre det er ein særleg grunn til det.
• Prisen skal gå til ein omsetjar som har gjort eit særleg viktig arbeid med å omsetje norsk litteratur og/eller dramatikk (ikkje nødvendigvis i bokform) direkte frå norsk til eit anna språk, der heile omsetjargjerninga blir vektlagt
• Litteratur- og kulturformidling ut over omsetjing kan ha betydning
Forslagstillarar kan til dømes vere:
• Utanlandske forlag som gir ut norsk litteratur
• Utanlandske omsetjarforeiningar
• Utanlandske universitet der det blir undervist i norsk språk
• Utanlandske teaterscener og regissørar
• Noregs utanriksstasjonar
Omsetjarar kan ikkje foreslå seg sjølve.
Forslag med kort grunngjeving (maks 1 side) kan sendast til NORLA
seinast tysdag 15. september 2026, kl. 12:00 (CEST).
24. april 2025 overrekte Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit den første Fosseprisen til den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel i eit direktesendt arrangement på Slottet. Her blei også det første Fosseforedraget halde av den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion.
23. april 2026 overrekte Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery den andre Fosseprisen til den nederlandske omsetjaren Paula Stevens, også det i eit direktesendt arrangement på Slottet. Her vart det andre Fosseforedraget halde av den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson.
Les meir
Alt om Fosseforedraget og Fosseprisen 2026 her
Sjå seremonien på Slottet 23. april 2026 her
Om Jon Fosse


