05.11.2018

Anne Lande Peters - Månedens oversetter i november

Månedens oversetter i november er norske Anne Lande Peters, som oversetter til japansk. Hun er en viktig bidragsyter når NORLA og norske forfattere senere denne måneden inntar Japan i forbindelse med tre ulike litteraturarrangementer
(mer om disse her).

Anne er også en av oversetterne som deltar i prosjektet «Ibsen in Translation» i regi av Senter for Ibsenstudier ved Universitetet i Oslo
(mer om prosjektet her og oversetternes arbeid her).

Anne  lande2
Anne Lande Peters

Hvordan endte du opp som oversetter av norsk litteratur, du som selv er norsk?

Eg ser jo norsk ut, men eg er kanskje like mykje japansk inni meg. Eg er født og oppvaksen i Japan, og gjekk på japansk skule til eg var tretten, og seinare studerte eg japansk teater på Waseda universitetet i Tokyo. Eg hadde omsett Mishima sine moderne no-stykke til norsk for Trøndelag Teater, då det nye nasjonalteateret i Tokyo i 2008 tok kontakt med den norske ambassaden fordi dei ville ha ei ny omsetting av Hedda Gabler. Kari Hirth ved ambassaden foreslo eit samarbeid mellom meg og ein japansk dramaturg. Det viste seg å vere ein formel som fungerte så bra at me gjentok han med Fruen fra havet i 2015. Slik begynte snøballen å rulle i mitt tilfelle.

Ibsen fruen fra havet hedda gabler teaterplakater japanske
Japanske teaterplakater for Fruen fra havet og Hedda Gabler

Jobber du med noe annet ved siden av å oversette, og i så fall hva?

Me har tre barn og me flyttar til eit nytt land kvart fjerde år, p.g.a. arbeidet til mannen min. Det å bryte opp, slå nye røter og finne roen igjen krever mykje meir tid enn ein trur. Eg har ikkje noko betalt arbeid ved sida av omsettinga, men føler at eg mistar eitt år med arbeid kvar gong me flyttar. Ellers er det å kunne omsette perfekt i situasjonen min, kvar me enn drar i verda er alt eg treng ein stikkontakt til pcen, så er eg igang.

Kan du si litt om Ibsen in Translation-prosjektet og hvordan dere jobber?

I 2006 var det mykje blest om Ibsen rundt om i verda for å markere 100 år etter at han hadde døydd. Ein merka då at det var mange dårlege Ibsenomsettingar. Ellinor Kolstad og Senter for Ibsenstudier ved Universitetet i Oslo sette då igang eit omfattande prosjekt med omsettinga av Ibsen til åtte språk. Prosjektet fekk stønad frå UD. Dei tolv siste stykka blei omsett, og for kvart stykke kom dei åtte omsettarane saman til seminar ved Ibsensenteret. Me gjekk igjennom teksten med dei spørsmåla me hadde og diskuterte konsept som var vanskelege å overføre i dei respektive språka. Det var ein konstruktiv atmosfære i gruppa, kanskje mykje takka vere at me aldri var konkurrentar. Me kunne ikkje anna enn å vinne på å hjelpe kvarandre. Frode Helland frå Ibsensenteret og Ellinor Kolstad var alltid med på desse seminara og delte av sin ekspertise. Nå har me hatt tolv seminar, og mange av oss har alt gjeve ut fleire av stykka. Når eit stykke er klart, har kvart språk eit ekspertpanel som kvalitetskontrollerer omsettinga og kjem med eventuelle rettingar eller kommentarar, så omsettaren kan rette opp og forbetre før det går i trykk. Me har forplikta oss til å gje ut alle dei siste tolv stykka, dei såkalla «nutidsdramaer» i dei respektive landa våre. Det har vore ein heilt fantastisk måte å arbeide på for å få til ei kvalitetsomsetting.

Ibsen hedda gabler tidsskrift japansk
Hedda Gabler i japansk tidsskrift
Tror du japanere leser Ibsen annerledes enn nordmenn? I så fall hvordan?

Ja, det trur eg. Då eg leverte første utkastet av Hedda Gabler til New National Theatre Tokyo, var regissøren, som hadde arbeidd med Ibsen heile livet, sjokkert. Dette var ikkje den Ibsen ho kjendte. Personane i stykket var så mykje mindre stiliserte enn det dei alltid hadde vore for henne.
Ho hadde aldri opplevd at stykket hadde humor. Men temaet Ibsen tek opp, rører lesaren og tilskodaren like mykje i Japan som i Norge. Han tar mennesket med alle sine problem så på kornet, han Ibsen.

Flere har ment at nyere norsk og nyere japansk litteratur har mye til felles. Synes du det stemmer? I så fall hvordan? Og hvorfor?

Kanskje kjem det av at det norske og det japanske lynnet liknar på kvarandre? Kanskje har folk berre innbilt seg alle desse åra, at me er så forskjellige, og nå endeleg oppdaga at det ikkje er slik?

Hva er det beste med å være oversetter?

For meg personleg er det at eg får vere heil. Eg får vere den japanske Anne og den norske Anne på ein gong. Det gjev ei kjensle av djup lykke. Reint generelt er me omsettarar heldige som kvar einaste dag får arbeide med ei slik vakker side av livet, som alt det kulturelle representerer.

Hva ville du vært hvis du ikke var oversetter?

Dramalærar eller regissør.

Hvordan griper du an en oversettelse – går du rett på med å oversette for å holde på en spenning i forhold til teksten, eller leser du hele boka grundig før du går i gang?

Når eg arbeider med Ibsen les eg stykket to gonger før eg går til verks. Første gongen les eg berre for å oppleve og nyte dramaet. – Med ein kopp te – i godstolen. Andre gongen sit eg ved pulten og tek notat, og les med omsettinga i tankane. Då stiller eg meg spørmål som: – Kva ord kan eg bruke her? – Vil dette konseptet bli misforstått på japansk? Er det ei utvikling eller forandring i talemåten til rollene som eg ikkje må gå glipp av? Er er det visse ord eller uttrykk som må kome igjen? Tredje gongen går eg til verks, replikk for replikk.

Hva er den største språklige misforståelsen du har oppdaget i siste liten, og som du rakk å rette opp?

Å, huff! Ja, det var då eg trudde at Statsrådinne Falck i Hedda Gabler var kvinneleg statsråd – ikkje kona til statsråden. Eg jobba tett med skodespelarane før oppsettinga og regissøren spurde om det verkeleg kunne vere riktig at Ibsen i 1890 nemner ein kvinneleg statsråd i dramaet sitt. Eg var så stolt over å vere norsk og la ut i det vide og det breide korleis Noreg var langt framme når det gjalt likestilling, og at me var det første landet som innførte kvinneleg stemmerett og Ibsen var langt forut for si tid o.s.v. o.s.v. …. Eg likte ideen så godt at eg totalt slo tilbake den kritiske tanken som kom snikande. Heilt til dagen før premieren. Då fekk eg kalde føter og ringde ein som kjende slikt i Noreg. Då eg fortalde det for heile ensemblet den dagen og baud om orsaking, smilte dei, og sa at dei alt visste det, og at dei for lengst hadde bytta ut ordet med statsrådfrua…

Har du et oversetterforbilde – i så fall hvem og hvorfor?

Hara Chiyomi var den første Ibsenomsettaren i Japan som omsette direkte frå norsk. Han arbeidde i teateret heile sitt liv og var så glad i Ibsen. Då eg studerte japansk forteljarkunst, sa han alltid til meg: «Ikkje studer Rakugo. Skift til Ibsen! Les Ibsen! Ibsen har ALT
Kona hans døydde då han var 60 år, og han fortelde meg: «Den eg elska over alt i verda vart reven frå meg. Korleis skulle eg greie resten av livet? Då kom eg til å spørre meg sjølv. Viss eg ikkje kan leve med den største kjærleiken i livet mitt, så må eg leve med den nest største. Kva er det? Det er Ibsen. Nå vil eg vige resten av livet mitt til å lære meg norsk og å omsette Ibsens samla verk til japansk.» Så, gjekk han til verks, og omsette ikkje berre alle stykkene til Ibsen, men også mange av breva hans, og han skreiv bøker om korleis ein skal forstå og spele Ibsen. «Det var eit kappløp med livet», sa han til meg. Då eg møtte han i 1991 var han over 80 år og hadde fått tildelt St. Olavsmedalja for arbeidet. Han budde i ein bitte bitte liten leilighet på kanskje 20 kvadratmeter fylt med bøker.

Du må jo være den sanne kosmopolitt; setesdøl som oversetter til japansk, er gift med en nederlender og bor i Senegal.
Hva slags språk snakker dere hjemme? Og hvilke(t) språk drømmer du på?

Det går på Wolof. (berre tulla ;-) ) Heime er det norsk med mamma, nederlandsk med pappa, som er regelen. Når alle snakkar saman går det som regel på nederlandsk eller engelsk. For meg er det svært viktig at barna veks opp med morsmål i heimen. Nå er ikkje norsk deira sterkaste språk, men det er svært viktig for identiteten deira. Mor og far var strenge på at me skulle snakke norsk heime, så det har eg i blodet. Mannen min og eg har japansk som hemmeleg språk, veldig greitt å ha når ein skal fortelle den andre kvar ein har gøymd godteri og julegåver og liknande.
Kva språk eg drøymer i? Det veit eg ikkje. Eg hugsar aldri ordrett kva som blei sagt i ein draum. Eg vaknar alltid berre med kjenslene og ideane.

Ibsen fruen fra havet teaterprogram japansk
Fruen fra havet i japansk tidsskrift

Hva er annerledes ved å oversette dramatikk?

Først og fremst må skodespelet ha eit naturleg språk og ein flyt, ein rytme. Språket kjem jo til mottakaren via øyret, ikkje auga, og tilskodarane kan ikkje høyre ein replikk om igjen, slik ein lesar kan stoppe og lese ei setning på nytt. Derfor er det viktig at replikkane er klare og tydelege og glir rett inn i sjela. Brukar ein unaturlege ord, må ein vere klar over at tilskodaren kanskje stoppar opp ved det ordet og dveler ved det, medan dramaet går sin gang på scena. Då har han kanskje mista viktige detaljar. Ein annan ting eg må vere obs på, er at japansk har mange homonym. Lyttaren må ikkje tru det er snakk om laks (sake 鮭) når det blir snakka om risvin (sake酒)…

Oversettelser av dramatikk blir ofte kraftig omarbeidet av regissører og skuespillere. Har dette påvirket deg i arbeidet?

Det skrivne dramaet er ein kunst i seg sjølv. Når det møter skodespelarar oppstår det noko nytt. Eg veit frå teateret, at skal ein lage ei førestilling som er ekte, må regissøren og skodespelarane gjere stykket til sitt. Det skrivne dramaet har då forlate forfattaren og lever sitt eige liv. Det er ikkje alltid det er trufast mot forfattaren og omsettaren. Men det er essensen i kva teater er. Og det er viktig å la det få skje, ellers blir det eit museumsstykke. I denne prosesen ser eg to variantar. Det finst dei som alt har ein ide i hovudet og tilpassar teaterstykket til den ideen. Også finst det dei som går søkande inn i dramateksten og prøver å forstå kva det er forfattaren vil seie. For meg er det viktig at skodespelarane og regissøren har forstått stykket før dei begynner å forandre på det. Eg har alltid vore så heldig å ha hatt høve til å vere tilstades ved dei første prøvene, der eg har fått forklare ordval, bakgrunn og underliggande filosofi o.s.v. Både i Noreg (Trøndelag teataer) og i Japan har eg alltid blitt møtt med respekt og mange spørsmål. Dei er så hungrige etter å forstå. Ein gong hadde eg forklart at det var viktig å skjøne det Freudianske elementet i Hedda Gabler. Den neste dagen låg ei ny bok med tittelen Freud for begynnarar framfor regiassistenten. Den dagen snakka me om Nietzche som inspirasjon for Ejlert Løvborg-figuren. Trur du ikkje at neste dag låg Introduksjon til Nietzche oppå Freud-boka.

Det å oversette klassikeren Ibsen skiller seg antagelig veldig fra «levende» forfattere du har oversatt tidligere. Hva har vært de viktigste forskjellene?

Fosse, jon photo tom a. kolstad
Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad

Då eg omsette Eg er vinden av Jon Fosse, fekk eg lov til å ringe han med ein del spørsmål. Eg var i tvil om eg burde bruke ein røff, macho måte å seie «eg» på (ore), eller det meir nøytrale (boku). Han tenkte med meg og forklarte korleis han såg på dei to figurane. Då braut det ut av meg: «Å, eg er så glad for at du lever!» Tenk å kunne spørre forfattaren direkte om alt ein lurar på? Ibsen på japansk er ei omsetting inn i ein annan kultur, men og inn i ei anna tid.

Finnes det en norsk bok som enda ikke er oversatt til japansk, som du lengter etter å få oversette?

Ja. Morgon og kveld av Jon Fosse.

Les mer

Se oversikt over bøkene Anne har oversatt her.

Mer om den japanske Hedda Gabler-oppsetningen (2010) her.

Les om Suzannah-oppsetningen (2010) her.

Mer om Fruen fra havet-oppsetningen (2015) her.

Les flere intervjuer i NORLAs serie
Oversetterne er de viktigste aktørene vi har for å få norsk litteratur ut i verden. Deres arbeid er av helt avgjørende betydning, og for å kaste lys over dette arbeidet, startet vi i 2015 intervjuserien «Månedens oversetter».
Du finner alle intervjuene samlet her.