04.03.2022

Månadens omsetjar i mars – Guy Puzey

Månadens omsetjar i mars er Guy Puzey frå Skottland. Guy arbeider i skandinavistikkavdelinga ved Universitetet i Edinburgh, der han også for tida leier instituttet for europeiske språk og kultur. Han har omsett verk av ei rekkje forfattarar, særleg frå nynorsk. Han var nominert til Marsh Award for Children’s Literature in Translation i 2015 for omsetjinga av Vaffelhjarte (Waffle Hearts, amerikansk tittel Adventures with Waffles) av Maria Parr.

Guy on ferry in scotland 2019
Guy Puzey på ei ferje i Skottland, 2018. Foto: Marzia Ballardin

Korleis enda du opp som omsetjar av norsk litteratur?
Eg gjekk på vidaregåande ved breiddene av Loch Ness, og sjølv om skulen var liten, var eg så heldig å få ha tre språkfag: fransk, tysk og italiensk. Det at det blei tilbydd litt italiensk, var takk vere den talentfulle tysklæraren ved skulen. Mannen hennar var tilfeldigvis frå Sardinia, og det siste året mitt ved skulen hadde eg ein jobb der eg reingjorde klasseromma på slutten av dagen, og då arbeidde eg saman med denne glimrande og sjenerøse mannen, Battistino, som også hadde italiensktimar med meg. Alt dette skjedde samtidig som eg hadde blitt kjend med ei jente i Italia, som eg no er gift med. Vi hadde møtst gjennom ei felles interesse for norsk musikk. Derfor var det vel opplagt å halde fram med å studere italiensk og kombinere det med norsk, som eg kunne gjere ved Universitetet i Edinburgh.

Eit av favorittemna mine der var sisteårsemnet i omsetjing frå dansk, norsk og svensk. Det var Peter Graves som underviste, ein høgt akta omsetjar og spesialist i svensk. Det var noko djupt tilfredsstillande med det å velje ein tekst på eitt språk, ta han frå kvarandre og deretter skape han om att på eit anna, kanskje i ei nokså anna form, samtidig som ein prøvde å ta vare på den viktigaste bodskapen og tonen. Det at eg byrja å arbeide som omsetjar, kan eg takke Kari Dickson for – ho var ein annan av lærarane mine og er ein dyktig omsetjar av norsk. Etter at eg var ferdig med den første graden min, var ho så snill å anbefale meg til Eirin Hagen, i Hagen Agency, og eg fekk gjere nokre prøveomsetjingar av norske bøker. Dette gav eit glimrande høve til å få jobbe med spennande nye tekstar og byggje erfaring. Etter kvart som eg fekk fleire kontaktar i den norske forlagsverda – mellom anna med støtte frå NORLA – fekk eg gjere fleire prøveomsetjingar og etter kvart heile bøker. Den første heile boka eg var med på å omsetje, var Øyne i Gaza (Eyes in Gaza) av Mads Gilbert og Erik Fosse, som eg omsette saman med Frank Stewart, som tilfeldigvis også hadde studert italiensk og norsk i Edinburgh.

Jobbar du med noko anna ved sida av å omsetje, og i så fall kva?
Eg jobbar fulltid som amanuensis i skandinavistikk ved Universitetet i Edinburgh, så eg underviser i norsk språk og språkvitskap, skandinavisk litteratur, nordisk samfunn og kulturhistorie, og omsetjing frå dansk, norsk og svensk. Eg forskar også i jobben min – mellom anna driv eg med praksisbasert forsking på litterær omsetjing og sosiolingvistikk med særleg vekt på forholdet mellom språk og makt, og eg arbeider med den sosiale og kulturelle historia om forholdet mellom Norden og Skottland. For tida er eg også leiar for instituttet for europeiske språk og kultur, som er det største universitetsinstituttet i Skottland for framandspråk, så det er meir enn nok å gjere!

Kollegaene dine Kim Snoeiing og Lucy Pijttersen sende stafettpinnen vidare til deg. Dei skriv:
Vi traff Guy i 2014 på oversetterseminaret i Asker (vi tviler på at han husker oss!).
Guy holdt et foredrag: ‘Korleis omsetje norske banneord og andre skjellsord’. Og dette er et viktig spørsmål, for en masse banneord og skjellsord i en norsk bok betyr ikke at en (nederlandsk) oversetter kan banne og skjelle like mye som den norske forfatteren. Det hender at det nederlandske forlaget ikke aksepterer det. Og så er mange norske banne- og skjellsord forbundet med djevelen, mens de i Nederland – og kanskje andre land – særlig er forbundet med Gud (eller sykdommer).
Vi husker Guy fortalte at han selv aldri banner; da han ble bedt om å holde det foredraget, sa han ikke ‘Shit’, men kanskje tenkte han bare ‘O dear!’. Vi håper at vi husker det riktig.
Vårt spørsmål til Guy er:
«Hei Guy! Hva gjør du når du får høre fra forlaget ditt at du skal sløyfe størstedelen av banneordene og skjellsordene i oversettelsen din? Prøver du da å finne på ‘mindre forargelsesvekkende ord’ eller sletter du dem helt? Har du noen tips?»

Hei, Kim og Lucy – så hyggjeleg å høyre frå dykk! Eg har ikkje akkurat opplevd at eit forlag nødvendigvis har ønskt å fjerne all bannskap frå ei bok, men eg er einig i at ein omsetjar må gjere eit vesentleg arbeid med kulturell og språkleg kalibrering kvar gong det dukkar opp banning – eller noko som liknar – i ei bok. Eg vil nok seie at det viktigaste er å tenkje gjennom kva kjenslemessig kraft dei aktuelle orda har.

Ei bok som gav meg nokre utfordringar med banning, var fotballkrimmen Golden Boys (Exposed at the Back) av Arild Stavrum. Det eine kapittelet inneheld ein fresk del der ein av personane, som er frå Tromsø, kommenterer for TV. Desse sidene var dei mest spennande å omsetje i heile boka: Ikkje berre var dialogen på nordnorsk dialekt, men han var også pepra med lange utbrot med svært levande og kreativ banning. Situasjonen er særleg morosam fordi dette skjer på direktesendt TV på ein søndag ettermiddag, medan det for mange lesarar på denne kanten av Nordsjøen vil vere utruleg at nokon kan banne så mykje på direkte-TV utan å bli stoppa og utan å miste jobben. Hos oss er nemleg fornærmande språk på TV og radio nokså strengt regulert samanlikna med i Noreg. Derfor følte eg at det var nødvendig å tone ned språket noko for å gjere det meir truverdig, og heller framheve den komiske sida ved det. Ikkje desto mindre må språkvaskaren ha synst at det var mindre problematisk med banning på direktesendt TV, for nokre av bannorda blei faktisk forsterka i vasken!

Hva med banning i barnebøker?
Eg hadde stor glede av å omsetje tre barnebøker av Maria Parr, Vaffelhjarte (Waffle Hearts / Adventures with Waffles), Tonje Glimmerdal (Astrid the Unstoppable) og Keeperen og havet (Lena, the Sea and Me).

Parr kollasj 4

Maria unngår generelt banning i bøkene sine, men eit kjennemerke ved alle tre bøkene er bruken av kreativ nestenbanning. Dette er eufemismar eller humoristiske substitutt for bannord. Parr brukar mange uvanlege variantar – nokre av dei er kreasjonar ein berre finn i hennar bøker – og lesarane hennar elskar dei. Men kva gjer ein med dei på engelsk?

I den første boka kjende eg behov for å styrkje stadkjensla fordi boka var sett til eit lite kystsamfunn på Vestlandet, og ein av måtane eg gjorde det på, var å la omsetjingane av nestenbanninga krinse rundt fisk. Til dømes blei «søren ta», som hovudpersonen Lena stadig seier, til «smoking haddocks» eller «you smoked haddock», avhengig av kontekst, medan «honden-dondre» hos ein annan av personane blei til «suffering sticklebacks». I den andre boka var omgjevnadene annleis, og personane var meir knytte til fjell og dal enn til bølgjene, så denne gongen henta eg inspirasjon frå flora og fauna på landjorda, med nye uttrykk som «blinking badgers». I den tredje boka var vi tilbake i det same kystmiljøet som før, og med fleire slike frasar enn nokon gong, så igjen tråla eg havet (metaforisk) for å finne passande uttrykk. Nokre av dei er mykje brukte på engelsk allereie, som «holy mackerel» og «fishcakes», medan andre er litt meir uvanlege, som «Jiminy Monkfish» og «son of a sea bass».

Guy with fellow maria parr translators alice tonzig, olga drobot and cristina gómez baggethun 2019
Fra v.: Guy med oversetterkollegaer av Maria Parrs bøker Alice Tonzig (italiensk), Olga Drobot (russisk) og Cristina Gómez Baggethun (spanish), fra en tilstelning hos NORLAs i 2019. Foto: Mette Børja

Du har jobba med ulike litterære sjangrar: barnebøker, skjønnlitteratur og sakprosa. Finst det ein sjanger du kunne ønskje å jobbe meir med i framtida?
Eg er så heldig å få jobbe med ei rekkje ulike sjangrar. Eg synest barne- og ungdomslitteraturen i Noreg er særleg nyskapande, inkludert dei elleville verka til illustratørar som Gry Moursund og Per Dybvig, så eg skulle gjerne ha sett at fleire av desse bøkene fann vegen ut til eit engelskspråkleg publikum. Som lesar av godnatthistorier til den to år gamle guten min innrømmer eg at eg også kan ha personlege baktankar med å meine det.

Eg er også svært interessert i å fremje minoritetsspråk og mindre brukte språk. Dette er ei av årsakene til at eg har spesialisert meg på nynorsk, og det ville ha vore utruleg kjekt å kunne omsetje nokre av dei andre språka i Noreg, særleg dei samiske språka. Dessverre veit eg ikkje om nokre samiske språkkurs i Skottland, men eg har samla nordsamiske ressursar i håp om å få tid til det i åra som kjem.

Kva ville du vore dersom du ikkje var omsetjar?
Eg har hatt mange tankar om kva eg ville ha blitt i eit parallelt univers, men eg er det ein kan kalle flyentusiast, så då eg var liten, var det det dynamiske ved ein karriere som pilot som tiltalte meg mest av alt. Synet mitt var derimot altfor dårleg til å få jobb i militæret, og kommersiell flygeopplæring hadde eg ikkje hatt råd til. Eg var også veldig glad i fysikk og alt som hadde med rommet å gjere, så eg vurderte å bli astrofysikar, men så møtte eg ei sjarmerande jente frå Italia, som nemnt ovanfor, og plutseleg forstod eg at språk også kunne opne dører til nye venner og nye horisontar. Gjennom omsetjinga frå norsk og alt eg gjer i jobben min ved universitetet får eg halde på med nettopp det, samtidig som eg forhåpentleg hjelper andre til å utvide deira horisont også! I etterpåklokskapen er eg nokså glad for at eg treng briller.

Har du ei spesiell norsk bok som står hjartet ditt nær? I så fall, kvifor er ho spesiell for deg?

Loe muleum 9788202275235
Det er no så mange, men eg får vel kanskje seie Muleum (2007) av Erlend Loe. Ho er omsett til elleve andre språk, men ikkje til engelsk så langt. Omsetjinga til nederlandsk av Femmigje Andersen Sijtsma vann Grote Jongerenliteratuur Prijs i 2010 for beste omsette ungdomsbok det året.

Eg er ein stor tilhengjar av originaliteten til Loe og den subtile humoren hans, og Muleum er ei bok som har blitt hengande ved meg lenge. Boka handlar om Julie, ei 18 år gammal jente som opplever at foreldra og broren blir drepne i ei flyulykke. Romanen følgjer dagboka til Julie, der vi får innsyn i strevet hennar med tapet av familien og dei mørke tankane hennar. Ho prøver å leve farleg og håpar ho også vil døy i ein styrt, men i slutten av boka er Julie fylt av lyst til å leve. Med den auken vi ser i medvit rundt psykisk helse blant ungdommar for tida, lurer eg på om boka kanskje kunne ha vore til reell hjelp for nokon. Ho tek føre seg vanskelege og potensielt ubehagelege tema på ein uvanleg god måte, og behandlar dei varsamt, men med ein stor dose humor (som kan vere mørk). Det er ikkje eigentleg sarkasme, men heller sjølvironi som metode for å gje depresjonen perspektiv. Eg synest boka gjev styrke og på ein merkeleg måte også håp.

Vi håpar du vil sende månadens omsetjar-stafettpinnen vidare til ein av kollegaene dine som også set om frå norsk. Kven vil du sende han videre til – og kva ønskjer du å spørje om?
Eg vil gjerne sende stafettpinnen vidare til mi gode venninne Ioana-Andreea Mureșan. Vi møttest på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo i 2005. Ioana omsette den første og den femte boka i Min kamp-serien til Karl Ove Knausgård til rumensk. Det meiner eg ho gjorde ved sida av mykje anna arbeid, og det er jo ein situasjon som er kjend for mange omsetjarar. Eg vil gjerne spørje Ioana om ho har nokre tips og erfaringar å dele som kan hjelpe oss andre omsetjarar med å planleggje tida vår godt!

Les meir

Les meir om Guy på Books from Norway

Les kåseriet til Guy om banning

Og høyr han bli intervjua av NRK

Les også artikkelen Guy har skrive for British Council: ’Profoundly democratic: Learning Norwegian foreign language

Les fleire intervju i denne NORLA-serien
Omsetjarane er dei viktigaste aktørane vi har for å få norsk litteratur ut i verda. Arbeidet deira er heilt avgjerande, og for å kaste lys over dette arbeidet starta vi i 2015 intervjuserien «Månadens omsetjar».
Du finn alle intervjua samla her